Hopp til innhold

Dette er den nye festivalleiaren

Bjørnsonfestivalen har tilsett Rolf Magnus Orø (56) som festivalleiar.

Rolf Magnus Orø

– Eg ser fram til å medverke til å vidareutvikle festivalen, seier Rolf M. Orø.

Foto: Bjørnsonfestivalen

Bjørnsonfestivalen er ein internasjonal litteraturfestival som har vore arrangert i Molde og Nesset kvart år sidan 1992. Festivalen blei grunnlagt av forfattaren Knut Ødegård.

– Krev nytenking

Festivalen har slite med å finne ny dagleg leiar. Både i fjor vår og haust lyste dei ut stillinga, utan å få napp. Då stillinga blei utlyst for tredje gong, allierte festivalleiinga seg med eit rekrutteringsfirma. Då fall valet på den noverande formidlingsleiaren ved Teatret Vårt i Molde.

– Eg ser fram til å medverke til å vidareutvikle festivalen, utvide med fleire og ulike type litterære arrangement og skape fleire møtestader for samfunnsdebatt i løpet av året. Dette er muleg å få til med bakgrunn i det allereie solide nettverket av fagfolk, frivillige og andre kulturinstitusjonar knytt festivalen. Moldes nye kulturstue Plassen, vil også opne for og krevje nytenking, seier Rolf Magnus Orø.

– Stort engasjement

Orø var frå 1990–2005 tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune ved Kulturavdelinga i stillingar som ungdomskonsulent og leiar for formidlingsavdelinga. Han har hatt ei avgjerande rolle i utviklinga av Kultursekken Kulturtorget, og Ungdommens kulturmønstring.

– Med Rolf Magnus Orø har Bjørnsonfestivalen fått ein kulturell gründer på laget. Han har stort engasjement og stor arbeidskapasitet, som blir viktige eigenskapar når Bjørnsonfestivalen skal fornyast. Mellom anna vil Molde Kulturbygg «Plassen» gi heilt nye høve til heilårsaktivitet, seier styreleiar Arnt Sommerlund.

Orø tek til i stillinga i løpet av våren 2012. I år går Bjørnsomfestivalen av stabelen 29.august - 2. september.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL