Hopp til innhold

Ny Hatlehol kyrkje

Prosjektet "Fra vann til lys" gjekk sigrande ut av arkittektkonkurransen for kyrkja som skal byggast i Hatleholen i Ålesund.

Hatlehol kyrkje
Foto: Cornelius + Vöge

Vinnarane, Dag Cornelius og Nanna Vøge får ein pris på 200 000,- kroner. Det blir no opp til plannemnda for Hatlehol kyrkje om det er vinnarutkastet som skal leggast til grunn for dei vidare planane.

Moderne uttrykk

Med dette utkastet får soknet ei funksjonell og samlande kyrkje med eit morderne uttrykk og eit formspråk som blir eit unikt samlingspunkt med høgverdig arkitektonisk kraft, heiter det mellom anna i omtalen frå juryen.

Tårn og kyrkje

Tårn og kyrkje blir eitt og arkitektane har utnytta kvalitetane i tomta på ein meisterleg måte, heiter det.

Halvparten norske

Det var kome inn 124 forslag då fristen gjekk ut 15. januar i år. Det er Ålesund kyrkjelege fellesråd som står bak konkurransen, og konkurransen har vore gjennomført som ein open, internasjonal plan- og designkonkurranse.

Det kom inn 124 forslag frå 13 ulike land. Juryen uttrykkjer overrasking over at berre halvparten av forslaga kom frå norske arkitektar. Kvaliteten på forslaga skal vere høg, i følgje dokumenta frå juryen.

Ventar på ny kyrkje