Hopp til innhold

Ny app viser om ferja er i rute

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen lanserer ein ny mobilapp som viser ferje- og hurtigbåtavgangar i heile fylket.

MR ferjeapp

Slik er den nye ferjeappen som fylkeskommunen og Statens vegvesen har utvikla saman.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Arild Fuglseth og Ketil Strand

Avdelingsdirektør Kjetil Strand i Statens vegvesen (t.v) og samferdselssjef Arild Fuglseth trur at dei reisande vil ha ferjeinformasjon på ein samla stad.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Med appen MR ferjerute kan reisande finne samtidsinformasjon om rutetider og halde seg oppdatert på eventuelle avvik i trafikken. Med appen ønskjer dei å gjere planlegginga av reisa enkel og effektiv for kundane.

– Appen vil gjere det enklare å finne informasjon om rutetilbodet i fylket. For reisande vil dette vere eit nyttig og smart verktøy der dei får ruteinformasjon i samtid, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Mobilappen som er gratis, heter mr ferjerute og har vore ute nokre veker for testing men blei lansert i oppdatert versjon onsdag på Furneset ferjekai. Der blei også det første LED-lysskiltet sett opp - skilt som skal opp på 39 ferjekaier i løpet av året.

Viktig samarbeidsprosjekt

Dagleg reiser over 16 000 passasjerar med hurtigbåt eller ferje i fylket. Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Kjetil Strand, trur at reisande ønskjer å finne informasjonen samla på ein stad og skil ikkje på kven som er ansvarleg for ulike samband.

– Det har derfor vore viktig for Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune å samarbeide om ei løysing som kan vise det samla ferje- og hurtigbåttilbodet, seier Strand.

Appen er utvikla i Kristiansund av Shiplog AS, og mr ferjerute er tilgjengeleg på iPhone, Android og Windows Phone og den kan lastast ned gratis på App Store, Google Play og Windows Phone Store.

Nye led-skilt på ferjekaiene

For å betre informasjonen på kaiene vert det også sett opp led-skilt på 39 utvalde kaier i fylket (ferjekaier med minst 100 påstigende pr.dag). Skilta vil vise informasjon om rutetider i sanntid og vil informere om eventuelle avvik som er relevant for dei reisande.

– Mange har etterspurt betre informasjon på ferjekaiene og vi gler oss derfor til å presentere dei nye skilta med sanntidsinformasjon. Det første skiltet ble satt opp på Furneset i Vestnes onsdag, seier Fuglseth.

Molde og Vestnes ferjekai er valt ut for å teste ut systemet og er dei første som får lyssette skilt. I løpet av hausten 2014 skal alle skilta vere på plass.

Når alle dei største sambanda i fylket får skilt på sine kaier, inneber det eit stort løft for å betre informasjonen ut til reisande.

Ny app lansert i dag.