Hopp til innhold

NRKs sommarbåt kjem til Ulstein og Molde

21. juni går startskotet for årets seglas med NRKs sommarbåt. Både Ulstein og Molde får besøk.

MS Sjøkurs, Sommeråpent 2013

NRK gjentar suksessen frå i fjor med sommarbåt som besøker heile kysten. I år får Ulstein og Molde besøk.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Skuleskipet «MS Sjøkurs» skal besøkte 41 hamner langs kysten i løpet av åtte veker. Sommeråpent og Reiseradioen har sendingar frå alle hamnene og publikum får følge seglasen minutt for minutt. I tillegg skal NRK lage «verdas lengste» dramaserie, som vert spelt inn og sendt same dag.

Stor suksess i fjor

– Det er kjempeskummelt å gjere noko som gjekk bra, ein gong til, seier prosjektleiar Thomas Hellum.

I fjor vart sendingane frå sommerbåten ein stor suksess. Hellum seier at det var fantastisk å segle og lage program på denne måten. Møtet med alle menneska som er så stolte og glade over heimplassen sin, betyr mykje. Hellum trur grunnen til at det vart så stor suksess i fjor, er at NRK kom heim dit folk bur. Det at folk kunne følge seglasen frå hamn til hamn, fall også i god smak hos publikum.

LES OGSÅ:

Treng tips frå publikum

Denne sommaren skal sommarbåten ankre opp ved heilt nye hamner. Berre hamna i Oslo er den same som i fjor. I Møre og Romsdal er det Molde og Ulstein som får besøk, 10. og 11. juli.

– Vi gler oss ekstra mykje til å besøke til litt mindre stadane. Der trur vi at det vore eit endå nærare og betre sommarfjernsyn og radiosendingar enn i dei største byane, seier Hellum.

Kva som skal skje i Molde og Ulstein er enno ikkje planlagt. NRK ynskjer tips frå lokalbefolkninga dersom dei veit om folk som bør vere med i sendingane.

Her kan du tipse oss om folk og historier.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL