Hopp til innhold

Noregs største satsing på ungdomskultur

Ungdomens kulturmønstring (UKM) feirar 30 år i år. Sidan starten i 1985 har arrangementet utvikla seg til å bli ein viktig del av norsk kulturliv.

UKM Møre og Romsdal 2015

Ungdomens Kulturmønstring har blitt eit av landet sine største kulturarrangement for ungdom. I år feirar dei 30 år.

Foto: silje bjerknes / nrk

Gjennom årlege mønstringar, har unge kulturtalent frå heile landet fått ein profesjonell arena for sine uttrykk. Denne helga arrangerast det fylkesmønstring i totalt ti av landets fylke, frå Troms i nord, til Østfold i sør.

Ålesundsjenta Sigrid Raabe er ein av mange norske artistar og kunstnarar som har delteke på UKM i løpet av ungdomstida si.

– Det er veldig viktig for kulturlivet å ha eit arrangement der unge kan vise fram talenta sine, og der fokuset er på talentet til deltakaren, og ikkje alt det andre rundt, seier ho.

– UKM har betydd mykje

Sigrid Raabe

Artist Sigrid Raabe meiner UKM er viktig for norsk kulturliv.

Foto: Remi Sagen / NRK

Raabe meiner UKM gir ungdomar på tvers av landet ei unik moglegheit til å vise kva dei kan.

– Opplegget er proft og deltakarane får stå på scena framfor ein full sal og vise fram det dei har øvd på lenge, seier ho.

For Raabe har UKM betydd mykje.

– Når eg var yngre hadde eg alvorleg sceneskrekk. UKM gav meg moglegheita til å prøve meg fram og bli tryggare på meg sjølv, seier ho.

Inkluderande arrangement

Det som starta som eit musikkarrangement i 1985 har utvikla seg til å bli eit av dei breiaste kulturarenaene for unge i dag.

Kunstutstilling UKM Møre og romsdal 15

Visuell kunst er ein viktig del av UKM.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Kunstnarar, forfattarar, dansarar, musikarar, fotografar og mange andre talent samlar seg kvart år for å delta på UKM.

Raabe trur arrangement som UKM er spesielt viktig innanfor dei formane av kultur som ikkje er så store.

– Det er nesten ingen grenser for kva ein kan delta med, og det opnar opp for kulturinnslag som kanskje ikkje er så utbreidd, seier Raabe.

Talentskule

Ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr, fekk æra av å opne fylkesmønstringa i Møre og Romsdal.

Else Marie Outzen

Else Marie Outzen meiner UKM gir ungdom ein god kulturarena.

Foto: silje bjerknes / nrk

Han meiner at UKM, saman med kulturskulane, bidreg til å skape eit miljø der unge kan utvikle seg sjølv og talenta sine.

– Mange av desse ungdomane går vidare til å gjere det bra både lokalt og utanfor fylkesgrensene, seier Giksøyr.

Dette er ein talentskule som forsyner heile landet med flinke folk, held han fram.

Else Marie Outzen, fylkeskontakt i UKM Møre og Romsdal, meiner mønstringa er eit viktig tiltak for å gi ungdom ein god kulturarena.

– UKM gir ungdomane sjølvtillit og støtte til å presentere kulturelle bidrag. Alle er velkomne, uansett talent eller interesse, seier ho.

  • Sjå Sigrid Raabe spele live her:
Sigrid Raabe hos Christine

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL