Hopp til innhold

No vil mus og rotter inn

Skadedyra vil inn i varmen. Her er rottefangarane sine tips til korleis du held smågnagarane ute av huset i vinter.

Rotte

Veit du kva du skal gjere for å unngå besøk av mus og rotter? No vil dei inn i husa våre for å finne varme og mat. Derfor bør du sjekke alle røyr og sprekkar der dei utspekulerte gnagarane kan komme seg inn.

Foto: AFP

Når temperaturane byrjar å krype under frysepunktet, finn rotter og mus nye stader å bu. Dei flyttar seg frå tilhaldsstadar under bakken, gjennom holrom i veggar og tak, og inn i husa våre.

NRK har snakka med skadedyrekspertar som gir sine tips til korleis ein kan unngå å bli vertskap for gnagarane.

Store kull i år

Isolasjon

Slik kan isolasjonen sjå ut etter at mus har tatt seg til rette.

Foto: Privat

Frode Strandman i Rentokil arbeider med skadedyrkontroll i Møre og Romsdal. Han har hatt mykje aktivitet med å fange rotter heilt sidan april i år. Det er uvanleg at folk er plaga med rotter og mus på våren og om sommaren, og han meiner det er grunnlag for å seie at det er ekstra mange skadedyr med hale i år.

– Det var ein mild vinter og det var derfor fleire rotter og mus som overlevde vinteren. Då er det fleire dyr til å lage nye kull og det får vi att for no, seier Strandman.

Det er ikkje så rart at rottene blir mange, når dei har fått ein god vinter. Åge Juliebø i Skadedyrkontrollen Nordvest fortel at mus og rotter formerer seg uhyggeleg fort.

Mus på røyr

Dette er resultatet av mus som har forsynt seg av eit røyr.

Foto: Privat

– Mysene er drektige i 19 dagar, medan rottene er drektige i 24 dagar. Det kan derfor vere lurt å vere raskt ute for å bli kvitt gnagarane, før dei blir alt for mange.

Kan gjere omfattande skadar

Rottene treng ikkje vere innandørs, men held ofte til inne i veggane i isolasjonslaga i hus, eller i andre holrom dei får tilgang til i huset. Der kan dei gjere skade, dersom dei er der over lenger tid.

– Først og fremst er det gnageskader på kablar, tre og isolasjon, som dei lagar gangar igjennom. I tillegg lagar dei skade med avføring og urin som øydelegg isolasjon og lagar stram lukt, seier Strandman.

Dersom rotter og mus slår seg til ro i vegg- og takkonstruksjonar, er det vanskeleg å komme til med feller og anna utstyr. Då blir ein nøydde til bryte opp veggar og tak for å komme til.

Mysene held gjerne til på loftet eller andre stadar i huser der det ikkje er folk til vanleg.

– Dei gjer ikkje like mykje skade som rottene, men dei formerer seg raskare enn rottene. Derfor kan dei fort bli veldig mange og då kan det bli ganske store skader av mus òg, seier Juliebø.

Det aular av rotter i mange hus vinterstid. I bygder og byar i Møre og Romsdal er det truleg like mange rotter som menneske. Og når det blir kaldt vil dei gjerne inn i husa våre.

Slik såg det ut då NRK var med rottefangar Juliebø i 2012. Her finn du òg tips til korleis du legg ut feller for skadedyra.

Skadedyrekspertane har fleire tips til korleis ein unngår invasjon av mus og rotter:

1. Pass på at huset er tett

– Det er lurt å jobbe med tetting for å passe på at rottene ikkje har stader der dei kan komme seg inn. Det kan vere kjellarvindauge eller ventilar som er øydelagde, seier Juliebø.

Dei kan vere meir utspekulerte enn som så.

– Dyra kjem seg gjerne inn via røyr som går inn i huset, gjerne oppå avløpsrøyret gjennom grunnmuren, dei kan komme inn under bordkledninga, dersom ein ikkje har montert museband, seier Strandman.

Dersom ein har ting ståande opp etter husveggen kan desse bli gode gøymestadar som dei kan bruke for å komme seg inn. Dei små gnagarane set òg veldig pris på søppel og anna som folk kan ha liggande rundt huset. Dette bør ein rydde vekk.

– Det gjeld å halde det reint og ryddig rundt huset. Dersom ein har frukttre i hagen, bør ein plukke opp det som ligg att på bakken, seier Strandman.

2. Ver varsam med gift

Klarer rottene likevel å finne vegen inn, har det vore populært å legge ut gift til gnagarane. Tidlegare i år vart det ikkje lenger lov å bruke gift for å ta knekken på rottene. Det er framleis mogleg å få tak i gift til innvendig bruk mot mus, men ein bør prøve andre metodar først.

– Vi er restriktive på å bruke gift innandørs. Legg ein ut gift kan ein fort få eit luktproblem, dersom dyra døyr inne, seier Strandman.

Når ein brukar gift veit ein nemleg aldri kvar ein kan finne daude rotter og mus.

3. Rottefella verkar

Mus i felle

Klarer ein å ta musa på felle er det ein fordel.

Derfor er den gode, gamle rottefella framleis ein nyttig reiskap til rotte- og musejakt, ifølgje skadedyrfangarane.

– Klarer ein å ta dei på felle, er det ein fordel. Då veit ein kvar ein har skrotten, seier Juliebø.

Han har eit tips til dei som vil sette ut feller.

– Rottene går snikande langs veggen, så ein bør sette fella inn til veggen, og slik at den slår inn mot veggen.

4. Pass på julepynten

Mus og rotter likar å gøyme seg vekk. Strandman meiner derfor det er lurt å sjå etter skadar der ein vanlegvis gøymer vekk ting. Til dømes der julepynten ligg.

– Mus går gjerne laus på kongler, stearinlys og anna som ein ofte har i julepynten. Så den kan det vere lurt å sikre.

Så viss ein vil unngå ein uhyggeleg overrasking kvelden før kvelden, bør ein passe på julepynten no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL