I sprint-NM på Røros var berre Ingvild Flugstad Østberg betre enn langrennsløparen Kari Vikhagen Gjeitnes frå Skåla i Molde. No håpar ho å få stille på startstreken i Ski-VM.
Godt nok til VM
No håpar ho å få stille på startstreken i Ski-VM.
– Eg meiner sjølv eg har prestert godt nok til å bli med på VM-laget i sprint, men det er ikkje opp til meg, seier Kari til NRK.
Ho seier dagens sprint var eit absolutt høgdepunkt i skikarrieren hennar.
– Det er stor konkurranse mellom dei norske skijentene. Og eg får vel eit signal i løpet av helga om eg blir tatt ut til Falun eller ikkje, seier ho.
Men ingenting er sikkert enno, presiserer moldejenta. Og dei som skal ta ut laget til Falun har mange gode skijenter å velje mellom
– Uttaket er ikkje lett. Eg har gjort mitt og så får ein berre krysse fingrane. Dei som skal ta ut laget, får bestemme kven dei vil ha med seg. Det er ikkje opp til meg, seier Vikhagen Gjeitnes.
Strålande nøgd
Kari Vikhagen Gjeitnes er svært glad for å ha tatt sølv i den knallharde konkurransen der ho la nesten alle dei fremste landslagsløparane bak seg.
– Det er veldig stort med sølv i NM. Eg hadde mange store løparar bak meg, så eg er kjempenøgd med innsatsen i dag, seier ei smørblid og lukkeleg Kari.
Dagens sprint starta ikkje så altfor bra for moldejenta.
– Finalen var hektisk. Eg kom litt dårleg ut og blei liggande eit stykke bak i motbakkane. Men eg hadde veldig gode ski og klarte og gå inn dei andre mot slutten. Spurten var god, og dermed blei det sølv, fortel ho.
Sølvvinnaren gir all honnør til karane i smørjeboda for at ho hadde usedvanleg god gli.
Sportskommentatorane meiner den siste plassen på sprintlaget til VM står mellom
Vikhagen Gjeitnes og Heidi Weng. Om vi får ei lokal jente på startstreken i Falun i februar, får vi kanskje vite i løpet av helga.