Hopp til innhold

Hanne Marie (35) blei nekta å vere prest - no endrar kyrkja omstridd praksis

For sju år sidan sette biskopen foten ned då den lesbiske presten Hanne Marie søkte jobb. No går kyrkja bort frå omstridd praksis.

Hanne Marie Pedersen-Eriksen

Hanne Marie Pedersen-Eriksen blei aldri prest i Sandøy. Kyrkjelyden ville gjerne ha henne, men biskopen i Møre sette foten ned. Ho seier det sit langt inne å søkje på nytt.

Foto: Rebekka Johannessen Litland

Biskop Ingeborg Midttømme skapte overskrifter i mange aviser då ho i 2015 nekta å ordinere den lesbiske presten Hanne Marie Pedersen-Eriksen. Trass i stor prestemangel, og sjølv om kyrkjelyden sjølv ønskte 35-åringen som prest, sa biskopen i Møre nei.

I dag gjorde Møre bispedømme eit historisk vedtak.

Frå no av vil ikkje prestar på jobbjakt i Møre lenger få spørsmål om kven dei er kjærest med:

«Formulering i utlysingstekstar om samlivsform vil for framtida bli tatt bort».

Det var jammen på tide! Det er ei formulering som ikkje passar i ein utlysningstekst. Kyrkja treng dyktige prestar som kan spre Guds kjærleik og møte mennesker med respekt og omsorg. Det kan ein gjere uansett kjønn eller seksuell identitet, seier Hanne Marie Pedersen-Eriksen.

Ho er svært glad for vedtaket i Møre bispedømmeråd, sju år etter dramatikken rundt hennar eiga prestegjerning.

Møte i Møre bispedømme

Møre bispedømmeråd behandla måndag på nytt spørsmålet om utlysingsteksten i stillingsannonsar.

Foto: Terje Reite / NRK

Biskopen snur etter å ha «jobba med spørsmålet»

Biskop Ingeborg Midttømme seier ho no er open for at også homofile kan søkje på stillingar i Møre. Slik har det ikkje alltid vore.

Midttømme seier det er lett å vere etterpåklok, og at situasjonen var heilt annleis då ho sa nei til å ordinere Pedersen-Eriksen i 2015.

– Eg har jobba med spørsmålet og tatt innover meg korleis evangeliet ikkje har kome fram fordi andre ting har ropt så mykje sterkare, sa Møre-biskopen under debatten.

Ho seier formuleringa i jobbannonsane har skapt uro og smerte for andre menneske, og at ho ikkje kan stå for det lenger.

– Eg håper det kan nå fram til nokon som har ikkje har kjent seg respektert og verdsett for den dei er, seier Midttømme.

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme under møtet måndag.

Foto: Terje Reite / NRK

Ville halde fram som før

Eit lite mindretal på to ville framleis at bispedømmerådet og biskopen skal spørje prestesøkjarar om kven dei bur ilag med.

Men forslaget blei nedstemt med åtte mot to røyster.

– Det handlar om mykje meir enn ei stillingsannonse. Det er veldig rart at vi ikkje kan stille krav til nokon som skal vere hyrdar og prestar i Den norske kyrkje, sa Rikke Elisabeth Grevstad Kopperstad.

Men dette synet fekk ikkje gehør, og dermed er det berre i Stavanger at bispedømmet framleis held fram på formuleringa i stillingsannonsar. Dei siste åra har det forsvunne stadig fleire stader, sjølv om Likestillings- og diskrimineringsombodet tidlegare har konkludert med at forskjellsbehandling av homofile i trussamfunn ikkje er brot på Likestilllingslova.

Tvilar på at ho kjem tilbake

Hanne Marie Pedersen-Eriksen er no sjømannsprest i København, har gifta seg på nytt og seier ho er svært lykkeleg. Ho seier ho kjenner andre homofile prestar som har vegra mot å søkje i Møre, men seier ho no vil oppmode dei til å prøve seg på nytt.

Sjølv tvilar ho på at ho gjer noko nytt forsøk.

Opplevinga i 2015 sit i, og gjer framleis vondt. Så eg er nok framleis nølande til å søkje til Møre, trass i det dei no har vedtatt, seier ho.

Les også Meiner konservative prestar har fått yrkesforbod

Therese Egebakken