Hopp til innhold

No kan du bygge meir

Frå i dag kan du bygge meir på eiga tomt utan å søke om byggeløyve. Etter dei nye reglane kan du oppføre små påbygg på opptil 15 kvadratmeter og frittliggande garasjer på opptil 50 kvadratmeter utan å søke om løyve, så lenge dei oppfyller visse krav. Endringane skal forenkle systemet for både privatpersonar og kommunar og gi dei som vil bygge meir fridom, men også meir ansvar for at reglane blir følgde.