Hopp til innhold

No kan du betale matvarer med mobilen

Har du opplevd å innsjå at du har gløymd lommeboka idet du skal betale? No kan smarttelefonen vere redninga. Butikkane som har tatt den i bruk er storfornøgde med den nye betalingsordninga.

No kan ein bruke mobil til å betale i butikk.

Sjå tv-saka: No kan du bruke mobilen til å betale matvarer. Både bank og butikk har stor tru på at dette er ei betre betalingsform enn med kort.

Ei vanleg handlerunde på nærbutikken er ikkje slik som den ein gong var. Stadig fleire matbutikkar her i landet får no ei bankløysing der kundane kan betale ved hjelp av mobiltelefonen.

Det er same kva for ein bank du har, men du må laste ned ein mobilapplikasjon. På REMA 1000 i Ulsteinvik er dei tilsette i kassa nøgde med tenesta.

– Det er faktisk mykje enklare enn dei tradisjonelle betalingstenestene. No legg kunden berre telefonen ned på skjermen og skannar telefonen, og så går det automatisk, seier Hege Bergsnes, butikktilsett ved REMA Ulsteinvik.

Trur det vil spreie seg raskt

Også banksjefen i Danske Bank har testa ut systemet. Han meiner denne typen betalingsteneste er noko som vil kome meir og meir.

Jonny Mork

Jonny Mork, butikksjef REMA Ulsteinvik, trur betaling med mobilen vil bli meir vanleg.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg trur det er ein naturleg del av den utviklinga vi ser no at kundane berre kan ha med seg mobilen, og slepp å ha med seg lommeboka når dei er ute og handlar, seier Andre Sundal Skotheim, banksjef i Danske Bank.

– Det er vell like lett å gløyme att mobilen som lommeboka om ein er gløymsk?

– Ja, det er det nok dersom ein er gløymsk, men dei fleste har enten med seg kortet eller mobilen, så det gir fleire moglegheiter, seier Sundal Skotheim.

Både banksjef og butikksjef er fornøgde, og trur dette vil spreie seg fort.

– Vi ser at dette er eit tilbod som kundane våre likar svært godt, og som mange allereie nyttar seg av. Det har blitt slik i dag at dei fleste av oss alltid har med mobilen, medan vi oftare gløymer att lommeboka eller kortet.

– Men mobiltelefonen, den har vi, seier Jonny Mork, butikksjef REMA Ulsteinvik.