Flagget var heisa til topps og heile bygda var invitert då den populære 99-åringen frå Valldal feira bursdagen sin i helga. Og hovudpersonen sjølv har ikkje lege på latsida.
– Dette er grisesylte som eg har laga sjølv, fortel Nikka medan ho legg opp sylta på eit serveringsfat.
99-åringen innrømmer at ho er spent før det heile bryt laus.
– Ja, eg har drøymt mykje om selskapet, så eg har nesten feira kvar natt. Nokre gongar har ting gått gale, andre gongar har det vore for lite mat, så eg håpar det er nok mat, seier Nikka og smiler det lune smilet som ho har blitt så kjend for.
- Les også:
- Les også:
Ein gledespreiar
Nikka vart landskjent då NRK laga dokumentar om henne og mange kjenner henne også att frå Norge Rundt. Men 98-åringen har ikkje berre vore på tv-skjermen her til lands. Den sprudlande husmora har også vore på BBC, der ho fekk besøk av dei kjende tv-kokkane Hairy Bikers.
Bygdefolket i Valldal møtte opp mannsterke for å feire Nikka og stod i kø for å hylle jubilanten. Selskapet fann stad på garden der mor til Nikka ein gang vaks opp. No er tunet blitt gjort om til eit hotell, med restaurant i det gamle sauefjøset.
Etter middagen står eit sunnmørsk kakebord for tur. Og lovorda frå naboane var ikkje få dei heller.
– Du er ei rose. Du er den som held humøret oppe på både naboar, familie og heile bygda, så tusen takk at du er den du er Nikka, seier Ingunn Linge Valldal.
– Takk det same, du har vore ei god hjelp for meg, svarar Nikka.
Latteren sitt laust og praten går lett blant borda. Hovudpersonen sjølv smiler og kosar seg.
Til trass for sine 99 år, takkar Nikka ikkje nei når ho vert bedd opp til dans. Og til fengande felemusikk dansar den spreke jubilanten seg inn i kvelden og svingar seg mot dei hundre.
Sjå Folk-episoden med Nikka her: