Hopp til innhold

NHO-president: Det blir ein betydeleg nedgang

2016 vert eit svært tøft år med permitteringar og oppseiingar, seier NHO-president Tore Ulstein.

NHO-president Tore Ulstein om framtidsutsiktene for norsk næringsliv

Tore Ulstein er president i NHO. Han meiner det er viktig å bruke nedgangstider til å tenke nytt.

Det er dystre utsikter for oljeoindustrien og den maritime næringa. Mange har mist jobben eller blitt permittert dei siste månadene. Sidan 2013 er nesten 15.000 oljejobbar forsvunne. I verftsnæringa er det få kontraktar og mange om beinet.

I røyrhallen på verftet til Ulsteinvik Group viser Tore Ulstein fram dei høgteknologiske systema. Ved å automatisere prosessane, sparer verftet både tid og pengar. Tore Ulstein er visekonsernsjef i Ulstein Group og president i NHO.

LES OGSÅ:

Tøft for mange

Presidenten er budd på at 2016 blir eit krevjande år for mange i næringslivet.

– Det blir ein betydeleg nedgang i 2016, men det vil variere frå sektor til sektor, seier Ulstein

Han viser til Statoil som har kome med dramatisk beskjed om nye kutt. Dei siste to åra har 1950 stillingar forsvunne. No er selskapet inne i ein ny nedbemmaningsprosess og 2400 tilsette kan miste jobbane.

Ikkje svartmåle

NHO-presidenten trur at når det ser som mørkast ut, er det viktig å ikkje svartmåle det verre enn det er. Hans bedrift er snart 100 år og dei har opp gjennom åra lært at det er oppturar og nedturar.

– Vi må bruke tida godt og sjå på korleis vi kan redusere kostnader, tenke effektivitet og førebu oss for framtida, seier Ulstein.

Innovasjon og nyskaping er stikkord Ulstein group og den maritime klynga på Sunnmøre er opptekne av.

Spår opptur

Trass dystre utsikter, går det ikkje lang tid før oppgangen vil kome igjen, trur Ulstein. Mange har snakka om at oppturen vil kome allereie i 2017.

– Vi trur det kan vere ei god hypotese, men det er vanskeleg å seie, avsluttar NHO-presidenten.