Hopp til innhold

NHO-president med bibliotekvyer

Tore Ulstein har vyer for framtidas bibliotek. Når det nye biblioteket kjem på plass i heimbygda Ulsteinvik, meiner NHO-presidenten at det er rett tidspunkt for å ta dei rette grepa.

NHO-presidenten har vyer for framtidas bibliotek.

Tore Ulstein (t.v) saman med rådmann Einar Vik Arset i Ulstein på tomta til det nye biblioteket. Ulstein Arena skal byggast her og kjem til å ha eit heilt nytt, framtidsretta bibliotek i tillegg til symjehall, idrettshall og andre fasilitetar. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Tore Ulstein er visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group, ein av dei største arbeidsplassane i Ulstein kommune. Han har alltid vore opptatt av læring. Frå han var gutunge har han vore opptatt av og interessert i bøker. Det har vorte ein del timar på biblioteket i Ulsteinvik, og når han er på reisefot er det alltid bøkene som veg mest i kofferten.

Tore Ulstein

Tore Ulstein er industrileiar og svært opptatt av læring.

Foto: Arne Flatin / NRK

Biblioteksjefen i Ulsteinvik, Ann-Mari Harkjerr trur Tore Ulstein har rett i mykje av det han seier. Dei arbeider sjølve hardt for å få barn til å bruke biblioteket aktivt, og ho trur også det må endringar til i framtidas bibliotek.

Online courses

Tore Ulstein viser til dei største universiteta som Harvard og Stanford i USA. Dei er leiande på "massive open online course", som er meir det å lære på nett.

– Det er klart at den kunnskapen og den tilgangen du då får på veldig kvalifiserte forelesarar, det er jo heilt unikt. Det kan du få i vesle Ulsteinvik, så du treng ikkje bu i Oslo eller i Los Angeles for å få med deg desse gode lærekreftene. Så mitt ønske er at ein kan utnytte denne mulegheita og teknologien, seier Ulstein til NRK.

Biblioteket i Ulstein Arena

Biblioteket i Ulstein Arena.

Foto: Ulstein kommune

I tillegg er det viktig å utvikle vidare det gode samarbeidet mellom kommunen og næringslivet. Og denne kommunen fortener det beste, seier han.

Rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset, er samd i mykje av det Tore Ulstein kjem med av innspel. Han trur også dette er ein unik sjanse til å skape eit nytt bibliotek for framtida, i tillegg til at ein tek vare på historia og har rom for det klassiske biblioteket. Og som Tore Ulstein seier: Det er ikkje snakk om det eine eller det andre, her kan ein få med begge deler inn i det nye biblioteket i Ulstein Arena.

Tore Ulstein og Einar Vik Arset

Tore Ulstein og Einar Vik Arset.

Foto: Arne Flatin / NRK

Planen no er at kommunen og næringslivet vil gå saman med Høgskulen i Ålesund for å søke prosjektmidlar mellom anna til konseptutvikling og etablering av ein så kalla MOOC (massive open online course).

I saksframlegget heiter det mellom anna: «» Det nye biblioteket i Arena Ulstein kan etablerast som eit læringssenter der det finst infrastruktur for kurs- og konferansar og individuell læring i små og store grupper «»

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL