I dag blei det kjent at nok eit stort selskap i Møre og Romsdal må gå til oppseiingar, National Oilwell Varco i Molde. Det er framleis usikkert kor mange av dei 450 tilsette som må gå. Andre store bedrifter som kuttar i staben er Rolls Royce, VARD og Ulstein Group.
– Vi fyl nøye med på utviklinga i fylket. Alle bedrifter som står i fare for å måtte permittere eller seie opp meir enn 10 tilsette, er forplika til å gi oss beskjed, seier fylkesdirektør Stein Atle Veland i Nav.
Fylkesdirektøren synes det er trist at National Oilwell Varco i Molde har kome til på lista over bedrifter som må gå til oppseiingar.
– Det vedkjem oss alle, seier han.
Fleire utan arbeid til jul
Veland seier arbeidsmarknaden går sin eigen straum det kan vere vanskeleg å sjå på førehand.
– I mai til dømes hadde vi sett for oss at arbeidsløysa i fylket skulle bli større enn ho faktisk blei. No fekk vi i staden 200 færre ledige sist månad enn i april.
Han meiner arbeidløysa i Møre og Romsdal vil auke framover mot jul.
– No ligg vi på ei arbeidsløyse på under 2,5 prosent. Men seinhaustes og nærare jul vil vi ganske sikkert nærme oss landssnittet på 3 prosent, meiner Veland.
Rammar høgt utdanna
Den vanskelege marknaden med ordretørke for mange selskap knytt til oljeindustrien, gjer at grupper arbeidstakarar som tidlegare ofte har unngått oppseiingar, no er sterkt ramma.
– Framover hausten vil vi sjå at fleire peronar med høg utdanning og lang arbeidserfaring blir ramma av nedskjeringar. Vårt råd er at dei brukar profesjonelle nettverk for å sjekke om det finst andre bedrifter som kan gjer nytte av kompetansen deira, seier Stein Atle Veland.
Han minner også om at Internett og privat nettverk kan vere nyttige verkty for å orientere seg om ledige jobbar.
Nav-medarbeidarar i bedrifter
Nav-medarbeidarar rundt om i fylket jobbar tett opp mot bedrifter både ved opp- og nedbemanning.
– Dei har stor kunnskap om marknaden både lokalt og nasjonalt. Nokre medarbeidarar har også kunnskap om arbeidsmarknaden internasjonalt, og kan hjelpe til dersom dei som mister jobben ønskjer å prøve lukka utanfor Noreg, seier Veland.
Nav opplever at arbeidsgivarar i bedrifter som er råka av tunge tider, ønskjer å handtere situasjonen på ein korrekt og riktig måte.
– Oftast kjem vi inn på eit tidleg tidspunkt i prosessen for å orientere om regelverket, og for å rettleie tilsette om kva dei kan gjere i situasjonen dei har framføre seg, seier Veland.