Hopp til innhold

Namn på omkomen frigitt

Det var Magne Leikarnes (49) frå Elnesvågen som omkom i ulykka på E136 måndag.

Ulykke E136

Magne Leikarnes (49) frå Elnesvågen omkom i ei møteulykke med ein lastebil måndag.

Foto: Ottar Rydjord

Motorsyklisten omkom i ei møteulykke med ein lastebil mellom Trollveggen og Horgheim i Rauma måndag ettermiddag.

Trur tilhengjaren kom over i motsett køyrefelt

Ulykke på E136 Romsdal

Alle naudetatar rykka ut etter melding om ulykka på E136 i Romsdalen.

Foto: Ottar Rydjord
Fred Karusbakken

Fred Karusbakken sat i bilen bak og vart treft av tilhengjaren til lastebilen.

Foto: Ottar Rydjord

Lastebilen kom frå Åndalsnes og køyrde mot Dombås og 49-åringen kom motsett veg. Også ein personbil var involvert i ulykka.

– Det kan tyde på at tilhengjaren til lastebilen har vore over i motsett køyrefelt, sa operasjonsleiar Frode Gjøsund i Nordmøre og Romsdal til NRK måndag kveld.

Statens havarikommisjon for vegtransport er varsla og vil setje i verk undersøkingar saman med politiet.

– Englevakt

Fred Karusbakken var på veg heim frå hytta og sat i bilen som vart treft av hengaren på lastebilen. Han kom frå ulykka utan skade.

– Eg hadde englevakt til tusen. Eg er glad eg ikkje hadde nokon med i bilen, sa Karusbakken til NRK måndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL