Hopp til innhold

Muritunet vann stort anbod

Muritunet AS har vunne eit NAV anbod på nærare 45 millionar kroner til arbeidsretta rehabilitering.

Muritunet

Arbeids- og velferdsdirektoratet har tildelt Muritunet AS anbod på arbeidsretta rehabilitering.

Foto: Muritunet

– Vi kan no auke tilbodet vårt med mellom 18 til 23 døgnplassar. Til vanleg har vi 65 pasientar frå Midt Norge, noko som betyr at vi no får ei auke i talet på pasientar, seier Glenn Hole, administrerande direktør ved Muritunet.

Avtalen, som trer i kraft tysdag, spring over fire år og har ein verdi på 45,4 millionar kroner. Hole er svært fornøgd med den nye avtalen.

– Det betyr svært mykje for oss at vi har fått denne avtalen, og dei tilsette fortener mykje av æra for denne moglegheita, dei gjer ein fantastisk jobb, seier han.

Viktig for vidare drift

Deltakarane kjem til Muritunet og blir der i fire veker. I løpet av den tida skal dei gjennom ulik arbeidstrening, både gruppebasert og individuelt tilpassa etter behov.

– Dette betyr at vi kan behandle enno fleire som er sjukmelde eller har nedsett arbeidsevne, og hjelpe dei med å kome tilbake i arbeid, i staden for å vere sjukemeldt eller deltidssjukemeldt. Deltakarane vil også få oppfølging etter at dei fordelt Muritunet, seier han.

Muritunet har per i dag 55 årsverk, og kjem til å utvide kapasiteten sin noko. Hole fortel at anbodet er viktig for vidare utvikling av Muritunet.

– Denne avtalen sikrar drifta i fire nye år. Det gir oss eit ekstra bein å stå på samtidig som det sikrar framtidig drift og arbeidsplassane ved Muritunet, seier han.

– Dette gir oss også moglegheit til å utvikle tilbodet vårt vidare. No skal vi blant anna ha arbeidstrening, det har vi aldri hatt før så det blir veldig spennande, held han fram.