Hopp til innhold

Tidsvitnet møtte igjen sitt siste reisefølgje

Dei siste 20 åra har Karsten Pettersen lært frå seg krigshistorie. I dag blei det eit spesielt gjensyn med 88-åringen sine siste turkameratar – til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Polen.

Skuleeelvar som har vore på tur til konsetrasjonsleirar i Tyskland sit att med sterke minne. Å ha med ein som har vore i tysk fangeskap som reisefølge gjer opplevinga til noko heilt spesielt, og spesielt blei det også å møte han att i dag.

Karsten Pettersen blei arrestert av tyskarane i 1943, berre 17 år gammal. I fjor var Pettersen med elevar frå Vestnes til Tyskland og Polen, før han i dag torsdag møtte igjen dei same elevane. Hanna Ellingseter og Kristine Djupvik var blant elevane som fulgte med då Pettersen fortalte.

1943, 22. januar: 17 år gamle Karsten Sigmund Pettersen frå Sarpsborg blir arrestert av tyske soldatar.

I meir enn to år sat Pettersen i konsentrasjonsleirar i Tyskland under naziregimet. Ein kort periode i leiren Neuengamme i Hamburg, størstedelen i Sachsenhausen nord for Berlin.

– Skulle ein på eitt eller anna tidspunkt overleve i ein konsentrasjonsleir så måtte ein lære seg språket, sa Pettersen i 2006.

Etter 27 månader i fangeskap blei Pettersen henta av dei kvite bussane i april 1945.

Dei siste 20 åra har – det no 88 år gamle – tidsvitnet fortalt historie til ungdom på fredsreiser.

Kristine Djupvik

Kristine Djupvik er éin av elevane frå Tomrefjord skule i Vestnes som reiste til Tyskland og Polen saman med Karsten Pettersen.

Foto: Arild Pettersen. / NRK

– Ein spesiell og god person

Skuleelevar som har vore på tur til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Polen sit igjen med svært sterke minne.

Å ha med seg ein som har vore i tysk fangeskap gjer opplevinga til noko heilt spesielt. Elevar frå Vestnes i Romsdal blei Pettersen sitt siste reisefølgje til Polen og Tyskland. Torsdag møtte han dei på ny.

– Det var kjekt å sjå han igjen, vi har sakna han, fortel Kristine Djupvik.

Ho og resten av elevane frå Tomrefjord skule i Vestnes reiste på tur gjennom Aktive Fredsreiser i august i fjor. Karsten Pettersen var med på reisa.

– Han er ein ganske spesiell person, ein god person, meiner Djupvik.

Sterke historier

Pettersen fortalde historier både under turen i 2012 og då han møtte elevane igjen torsdag formiddag.

Han er eitt av nokre få attlevande tidsvitne til tysk fangeskap, og med erfaringar ingen forunnt følgde elevane nøye med.

88-åringen fortalde om noko av det som gjorde sterkast inntrykk:

– Eg høyrde til den ariske rasen, eg var germanar i ordet sin eigentlege forstand. I motsetnad til polakkar, tsjekkarar og russarar, som jau høyrer til den slaviske rasen, byrja Pettersen.

– Kva er årsaka då til at vi som høyrde til den ariske rase skulle ende opp med å kome heim i dei kvite bussane, og ikkje dei andre?

Cathrine Husøy

Cathrine Husøy hugsar godt besøket i éin av kvinneleirane i Tyskland.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Nysgjerrige elevar

Turar til Polen og Tyskland, for 10.-klasser, er vanleg i Noreg. Cathrine Husøy var éin av elevane frå Vestnes, og ho hugsar godt kva minne som sit spikra.

– Det var frå då vi var i kvinneleiren, der kvinnene sat – sidan eg er jente. Eg kunne ha sete der om eg levde på den tida, seier ho.

Pettersen, som berre var nokre år eldre enn elevane då han blei teken til fange, har vore i reisefølgjet på i alt 60 turar i lag med unge menneske som vil lære krigshistorie.

Også på sin siste tur, saman med elevane frå Vestnes, skryt han av dei unge.

– Dei stiller adekvate spørsmål og er svært lystne på å lære meir, i det monn det er mogleg å vere i den aldersgruppa.