Ein motorsyklist har køyrt av vegen ca 500 meter frå platået på Trollstigen, mot Valldal. Politiet fekk meldinga klokka 13.05. Det var ingen andre køyrety involvert i ulukka.
Mannen vart sendt til Ålesund sjukehus i ambulansehelikopter.
Vegen vart stengt i kort tid slik at ambulansehelikopteret fekk lande, opplyser politiet.
– Mannen skal ha vore bevisst, men vi veit ikkje noko om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.