Hopp til innhold

Møter nedgangstider med utdanning

Pågangen, spørsmåla og interessa for høgare utdanning er merkbar ved høgskulane i Volda og Molde og NTNU Ålesund. Ein viktig grunn er at mange står i fare for å miste jobben.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda

Uvanleg mange på denne tida har tatt kontakt med høgskulane.

Foto: Høgskulen i Volda

Ifølge studiedirektør Gonnie Smith ved Høgskulen i Volda er det uvanleg mange på denne tida som er ute etter informasjon om utdanning.

– Det er om lag like mange som tar kontakt no, som vi elles brukar å ha like før søknadsfristen i april, seier Smith.

Undervisning og velferd

Ho fortel at mange ingeniørar tar kontakt, og dei ønskjer etter kvart å undervise i realfag. Då prøvar skulen å rettleie dei på kva dei eventuelt må gjere for å kvalifisere seg til ei praktisk pedagogisk utdanning.

Mange ønskjer også å pense seg inn på ei utdanning til eit velferdsyrke.

– I desse dagar blir dette oppfatta som ei tryggare utdanning som fører til tryggare jobbar, seier studiedirektøren.

Jens Petter Straumsheim

Jens Petter Straumsheim fortel at berre ein tredel av dei som har søkt deltidsstudiet i Sunndal får plass.

Foto: Einar Engdal

Både NTNU i Ålesund og Høgskulen i Molde opplever det same. Sistnemnde skal frå hausten starte helsefagleg utdanning på Sunndalsøra.

– Responsen på dette tilbodet har vore formidabel, seier informasjonssjef Jens Petter Straumsheim.

Berre ein tredel får plass

Så langt har over 118 personar studieplass på dette deltidsstudiet, og søknadsfristen har ikkje gått ut. Men det er plass berre til 40.

Høgskulen i Molde tilbyr også studiar ved Høgskulesenteret i Kristiansund, der mange av faga er retta inn mot oljebransjen. Der har søknadstala om å få starte gått ned, men masterutdanning innan petroleumsfaga er stabil.

– Dette er ei næring som etter kvart får eit oppsving igjen, og dei som startar på ei slik utdanning no, får truleg vere med på den oppturen, trur Straumsheim.

Tenk alternativt

Enkelte næringar og sektorar er nede i ein bølgjedal, og framtidsutsiktene kan vere heller mørke.

– Då er det naturleg at ein tenkjer alternativt, seier Smith i Volda. Mange ser for seg ein vanskelegare arbeidsmarknad, og ønskjer å stå betre rusta viss og når det blir nedskjeringar.