Hopp til innhold

Møt folka som har designa dei nye hurtigrutene

Det er Rolls-Royce i Ålesund som har designa dei nye hurtigrutene. Fire nye skip skal byggast ved Kleven verft i Ulstein.

Bygging av fire nye hurtigruteskip vil bety svært mykje for bedrifter i den maritime klynga på Sunnmøre. I går skreiv Kleven verft under på ein intensjonsavtale med hurtigruten. Ved designavdelinga til Rolls Royce har dei jobba med prosjektet i over eit år og håper det kjem ei signering som vil sikre arbeidsplassane deira

Slik har Rolls-Royce Marine teikna dei nye hurtigruteskipa.

Dei første skissene blei teina for hand allereie for over eitt år sidan. Og mykje har endra seg undervegs.

Grovt sett blir dei sjåande ut som dette, seier Tor Sævik. Han er leiar for design og offshoresystem ved Rolls-Royce Maritime i Ålesund.

Største kontrakt nokon gong

Torsdag signerte Hurtigruten og Kleven verft ein avtale som inneber at det skal byggjast fire nye hurtigruter. Dette er den største kontrakten Hurtigruten har inngått nokon gong. Kvart skip har plass til over 500 passasjerar.

I utgangspunktet blir dei nye skipa bygde som ekspedisjonsskip med tanke på farvatna nær polhava. Men det ligg også i planane at skipa skal kunne setjast i trafikk langs norskekysten.

– Prestisjeprosjekt

I ei tid der det er tilbakegang i den oljerelaterte maritime næringa, er dette eit svært viktig prosjekt for det norske skipsdesingmiljøet med hovudbase i Ålesund. Fleire hundre kollegaer har mista arbeidet det siste året. No vonar dei at det er i ferd med å snu.

– Det ligg over 100 tusen timar i arbeid i dette. Hadde vi ikkje fått denne kontrakten måtte vi nok ha vurdert om vi måtte ta ut folk, seier Helge Gjerde, direktør i Rolls-Royce Marine.

Dei to første skipa skal leverast i 2018 og 2019. På verfta blir 150 til 200 verftsarbeidarar sysselsette i byggjeperioden. I tillegg vert det rekna med at to til tre gonger så mange får arbeid blant underleverandørane.

Også for dei som har skipa på teiknebrettet er dette noko heilt utanom det vanlege.

– Dette er eit prestisjeprosjekt for alle som driv med skipsdesign. I tillegg er dette ein viktig del i vår omstillingsstrategi. Vi ønskjer å bli sterkare på segment utanfor offshore, seier sjefdesignar Per Egil Vedlog i Rolls-Royce Marine.

– Relativt stort

Det første skipet blir overlevert til Hurtigruten i juni 2018. Det neste skipet kjem litt ut i 2019. Kleven har opsjon på to hurtigruteskip til.

– Hurtigruteprosjektet er eit relativt stort prosjekt for oss, spesielt om det blir snakk om fire skip, seier Vedlog til NRK.