Hopp til innhold

Mor tiltalt for å ha slått smågutane sine gong etter gong

Ei nordmørskvinne i 30-åra er tiltalt for grov vald mot gutane sine på 1 og 5 år. No må ho svare for seg i Nordmøre tingrett.

Tingrett

Ei småbarnsmor frå Nordmøre må i retten, tiltalt for å ha slått borna sine fleire gongar.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Den yngste guten var ikkje meir enn halvanna år då han ifølgje tiltalen blei angripen av mor si. I perioden august – desember i fjor haust, skal mora ha slått og eller knipe eittåringen fleire gongar.

No er ho tiltalt etter straffelova §219, første ledd, for «grovt eller gjentatt å ha mishandlet, ved å ha øvet vold mot eller på annen måte ha krenket sin tidligere eller nåværende ektefelle eller samboer, sin eller dennes slektning i rett nedstigende linje ...»

Skal ha brukt kjøkkenreiskap

I tillegg til den yngste sonen på eitt år, skal valden også ha gått ut over storebroren på fem år i den same perioden på fleire månader i fjor haust.

Fredag 26. desember skal mora også ha tatt i bruk eit kjøkkenreiskap mot den fem år gamle guten. Ifølgje tiltalen slo ho han fleire gongar i hovudet, slik at han blei påført eit kutt som blødde.

For retten i november

Storesystera var også til stades på kjøkkenet i romjula i fjor, og ho skal ifølgje tiltalen ha blitt lugga.

Saka kjem opp for retten i byrjinga av november.