Hopp til innhold

– Det er kjipt at det skulle skje

Moldespissen Fredrik Gulbrandsen misser truleg heile sesongen. Han vart operert i kneet i dag.

Fredrik Gulbrandsen

Fredrik Gulbrandsen vert truleg borte mellom seks og ni månader for å trene seg opp att etter kneoperasjonen. Sjølv er han ved godt mot.

Foto: privat

Fredrik Gulbrandsen har skada korsbandet i kneet og vart onsdag morgon operert ved Idrettens Helsesenter i Oslo. Molde Fotballklubb seier i ei pressemelding at det kan ta mellom seks og ni månader før han er tilbake på bana att.

Det var i treningskampen mot Midtjylland 14. februar at Gulbrandsen vart skadd. Sjølv har han kome seg over den verste skuffelsen.

–Det er sjølvsagt ”kjipt” at det skulle skje no med tanke på sesongen, men skjedd er skjedd, og no fokuserer eg på opptrening og at eg skal kome endå sterkare tilbake, seier Gulbrandsen til til Molde Fotballklubbs nettside.

Moldetrenar Tor Ole Skullerud seier at det er trist både for Gulbrandsen og klubben.

– Vi skulle sjølvsagt gjerne hatt Fredrik med for fullt i denne sesongen, men vi har framleis fleire dyktige offensive spelarar som vi kan nytte i Fredriks skadeavbrekk, seier Skullerud i pressemeldinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL