Hopp til innhold

Moldetrenar: – No grin eg

Molde sitt J19 lag vann Norway cup i si klasse. Trenar Jørn Svensli tørkar tårer, medan jentene jublar.

Molde J19

Moldejentene vann Norway Cup i si klasse.

Foto: Tor Melsæter

Moldejentene hadde ingen forhåpningar om å gå heilt til topps i si klasse i Norway cup. Før avreise bestemte dei at målet var å kome til A-sluttspelet og deretter ta ein kamp av gangen.

– Planen var at vi skulle bli betre for kvar kamp og eg er imponert. Jentene har hatt progresjon for kvar kamp, seier trenar Jørund Svensli.

LES OGSÅ:

At Moldejentene skulle vinne over det kanadiske laget Darlington Fusion S.C. hadde ingen av dei trudd. Kampen endte 0-0 og det måtte avgjerast med straffespark. Moldejentene vann til slutt 5-3.

– Det var stort. Eg trudde ikkje det skulle prege meg så gale, seier trenaren med gråten i halsen. Han innrømmer at han er lettrørt og at han grin etter sigeren.

No skal dei køyre heim til Molde i minibuss, men først skal laget stoppe og ete pizza. Jentene har feira sigeren i garderoba og om det blir meir feiring når dei kjem heim, veit ikkje trenaren.

Laget spelar i 2. divisjon og ligg som nummer tre.