Hopp til innhold

Mistenker ILA-smitte i Halsa

Det er sterk mistanke om utbrot av laksesjukdomen ILA i eit oppdrettsanlegg i Halsa. Ein del av fisken er allereie slakta.

SalMars anlegg på Frøya

For å stille den endelege diagnosen må Mattilsynet ha svar på fleire prøver, men dei har ein sterk mistanke om at det utbrot av virussjukdomen.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Rune Knutzen

Rune Knutzen er seniorinspektør i Mattilsynet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er fleire år sidan det førre utbrotet av den alvorlege og smittsame virussjukdomen, ILA, i Møre og Romsdal. Før jul vart det gjort ILA-funn på stamfisk, som vart destruert.

Mattilsynet har gjort undersøkelsar på tre fiskar i ei merd i Korsneset i Halsa, som stadfestar mistanken om virus. For å stille den endelege diagnosen må dei ha svar på fleire prøver.

Har slakta fisk

– Fisken i den aktuelle merden er allereie slakta og vi fylgjer nøye lokaliteten med vidare kontroll og prøvetaking. Dersom sjukdomen speiar seg til andre merdar kan det bli snakk om ei raskare utslakting av lokaliteten, seier Rune Knutzen. Han er seniorinspektør i Mattilsynet.

Mattilsynet har opprette ei sone rundt anlegget for at sjukdomen ikkje skal spreie seg. Blant anna vert båtrafikken til og frå oppdrettsanlegget regulert.

Utan symptom

Dei aller første symptoma på viruset plar vere at fisken oppfører seg unormalt i merdane. Den kan symje saktere enn vanleg og seinare kan den utvikle anemi. Fisken i Halsa har ingen kliniske teikn på sjukdomen og det er ikkje auka dødlegheit i merdane.

– Vi overvakar situasjonen fortløpande og har kontroll, seier Knutzen. ILA-smitte opptrer sporadisk med års mellomrom.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL