Hopp til innhold

Mista lappen etter fem dagar

Ein 18-åring med ferskt førarkort mista tysdag lappen etter å ha blitt tatt i 144 kilometer i timen i ei 70-sone. Politiet karakteriserer hendinga som nedslåande og trist.

Fartskontroll

Fartskontrollen blei halden på innfartsvegen til Ålesund. ILLUSTRASJONSBILETE

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

Det var under ein fartskontroll i Gåseidvika på innfartsvegen til Ålesund i går at mannen møtte UP. Politiet kontrollerte trafikken frå klokka 2100 og til like før midnatt.

I alt tre førarkort blei beslaglagt, og ei av dei mest alvorlege fartssyndene var det altså 18-åringen som stod bak.

Tok tre førarkort

I tillegg til den ferske bilføraren blei ein annan førar stoppa i 146 kilometer i timen, medan ein tredje blei målt til 120 kilometer i timen i 80-sona. Også dei to blei fråteken førarkort og saka blir meld til politiet.

I tillegg blei det skrive ut 16 forenkla førelegg til førarar som heldt for høg fart.