Hopp til innhold

18-åring mista førarkortet etter utforkøyring

Etter ei utforkøyring ved Bud i Fræna kommune har ein 18-åring mista førarkortet. Den mannlege sjåføren kom frå uhellet utan store skadar, men bilen har det dårleg, ifølgje politiet.

Trafikkuhell på Fræna

Politiet fekk melding klokka 13.40 om ulukka – som skjedde mellom Bud og Harøysund i Fræna.

– Det er snakk om eit trafikkuhell på fylkesveg 664. Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad til NRK.

18-åring som køyrde bilen har mindre personskadar.

– Han blei tatt til Molde sjukehus for sjekk, opplyser Korstad klokka 14.30.

Blankslitne dekk

Bilen til 18-åringen kom dårleg frå ulukka.

– Den må vi ha tauing på, for den er i ganske dårleg stand no, fortel Korstad.

Vegen er derimot ikkje steng på staden og trafikken går som vanleg. Årsaka til ulukka vil ikkje politiet spekulere for mykje i, men:

– Det er ganske så blankslitne dekk på bilen, spesielt bak. Så førarkortet til mannen blir beslaglagt.

Operasjonsleiaren opplyser til NRK at det er ein mann født i 1995 som var involvert i ulukka.

NRK følgjer saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL