Hopp til innhold

Her er dei mest leste nettsakene i 2014

Sakene om raset frå fjellet «Mannen» og sjukehusstriden var dei desidert mest leste på nettsidene til NRK Møre og Romsdal i 2014. Det er slett ikkje overraskande, men det har skjedd mykje anna også siste året på nett.

Nyheitsåret på nett 2014

Dette er nokre av dei mest leste sakene på nett frå NRK Møre og Romsdal i 2014.

Foto: Montasje / NRK

Plastfilm

Enkelt triks fekk stor merksemd.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er slett ikkje berre tunge nyheitssaker som fengjer. Året starta med ei ganske mjuk sak som like fullt blei lest av nær 120.000. Bak tittelen «Dette fantastiske trikset vet nesten ingen om» skjulte det seg ei forbrukarsak som tok heilt av på nettet.

Sjukehusstriden toppa seg

Sjukehusstriden prega nyheitsbildet sterkt på slutten av 2014. Saka tok av for alvor då direktør Astrid Eidsvik i Helse møre og Romsdal trekte seg på dagen, midt i prosessen med å ta ei avgjerd om plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Avgjerda blei tatt, men uroa er langt frå over.

Les alt om saka her:

Ventinga på «Mannen»

Mannen 29.10 med snø på toppen

Står framleis: Fjellet «Mannen» ein tidleg oktobermorgon.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Saka om det komande skredet frå fjellet «Mannen» tok også heilt av hausten 2014. Rørslene i fjellet auka så sterkt at geologane meinte at eit fjellparti på over 100.000 kubikkmeter kunne rase ut i løpet av kort tid. Slik gjekk det som kjent ikkje. Rørslene i fjellet roa seg og dei evakuerte fekk etter kvart flytte heim til husa sine under «Mannen». Nettsida der du kan sjå levande bilete frå «Mannen» heile døgnet har framleis jamnt besøk.

Tragiske ulykker

Sunndal

Fire skiløparar omkom i skredet.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Alvorlege ulykker slapp vi heller ikkje unna i 2014. I midten av april omkom fire menn i ei skredulykke nedanfor Frusalhalsen i Sunndalsfjella. Ein topptur til Litlskjorta enda i tragedie og det tok to dagar før dei omkomne blei funne.

Torstein Klerud Johannesen (18)

Kondolanseprotokoll ved minnestunda i Molde.

Under russefeiringa i Molde i mai blei to russar påkøyrde av ein medruss på ein parkeringsplass ved Retiro. Medan den eine russen slapp frå ulykka utan alvorlege skader, omkom den andre seinare av skadane. Den 18 år gamle bilføraren vedgjekk å ha køyrt med promille og utan førarkort.

Ulykke i barnehage

Fireåring omkom av kveling.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

Livet til ein fire år gammal gut ved Blindheim barnehage i Ålesund stod ikkje til å redde etter ei tragisk kvelingsulykke i juni. – Det er ufatteleg vondt og trist at eitt av barna i barnehagen er borte, sa barnehageleiaren etter ulykka. Det blei ikkje funne nokon svikt i rutinar eller tilsyn ved barnehagen.

Kriminalsaker

Drap Hareid bigset

Det grufulle drapet skjedde i eit roleg bustadområde.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Den sjokkerande drapssaka i Hareid dominerte nyheitsbiletet i august. 20 år gamle Sami Milhem blei funnen ille tilreidd i ein bustad på Bigset. Saka blei først kalt eit mistenkjeleg dødsfall av politiet, men skulle vise seg å vere eit drap av det uvanleg grufulle slaget.

Den døde mannen fraktes ut fra leiligheten i Øvre Holen

Den døde blir frakta ut.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Det blei sett i gang full etterforsking då ein mann blei funnen død etter ein brann i eit husvere i Spjelkavik-området i Ålesund i slutten av oktober. Det blei etter kvart klart at brannen var påsett og at det var ei drapssak politiet stod overfor.

Aksla-rettssaken – rettstegning av aktor, forsvarer og tiltalte som lener seg over bord
Foto: Esther Maria Bjørneboe / Rettstegning

Saka om drapet på Aksla i Ålesund frå august 2013 fekk sin ende først etter ankesaka i Frostating lagmannsrett i september 2014. Tiltalte forklarte seg heller ikkje der, og dommen på 21 års forvaring blei ståande utan vidare anke.

Andre saker vi vil hugse

Skal ein gå ut frå reine lesartal på enkeltartiklar på nett er det fleire som bør nemnast og absolutt kan vere verd eit gjensyn:

Følg oss i 2015 også!

Vi i NRK Møre og Romsdal lovar å halde fram med å gje deg godt stoff på både radio, fjernsyn og nett. Vi ønskjer deg eit godt nytt nyheitsår 2015!

nrk.no/mr

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL