Hopp til innhold

Lokal mann med i søket – ga råd om rute på mandag

Ein mann i 50-åra er meldt sakna etter ein fjelltur i bratt og ulendt terreng i Eikesdal i Romsdal. Politiet samarbeider med lokalkjende, og forsøker å få eit helikopter med varmesøkjande kamera frå Oslo for å hjelpe til med leitearbeidet.

Leiteaksjon i Eikesdal

Nokre få av leitemannskapet gjekk inn i området i Eikesdalen onsdag kveld, men det vanskelege terrenget gjer at sjølve leiteaksjonen er litt på vent til det blir dagslys.

Foto: Ann-Kristin Vike

Siste: Opptil 40 mann frå sivilforsvaret, samt hjelpemannskap frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp er no med i søket etter mannen i 50-åra, som blei meldt sakna av familie og vener etter at dei ikkje fekk kontakt med han tysdag.

Ein mann i 50-åra er sakna i Eikesdal

Store ressursar er sett inn i søket etter den sakna mannen.

Foto: Ann Kristin Vike

Blei kontakta av den sakna mannen

NRK har vore i kontakt med Knut Arne Vike, som bur på Vike i Nesset. Han fortalde at politiet har installert seg i éi av hyttene dei leiger ut i området.

Han og Ann Kristin Vike driv hytteutleige i området. Dei blei kontakta av mannen, som no er sakna, på måndag. Han ville ha råd om terreng og rute.

No er Knut Vike med redningsmannskapet som søker etter mannen i fjellet.

Ein mann i 50-åra er sakna i Eikesdal

Eit helikopter er med i søket. Politiet ventar framleis på helikopter med varmesøkjande kamera.

Foto: Ann Kristin Vike

– Han fortel at det er veldig uoversiktleg. Det er ikkje nokon klar sti, det er ikkje noko fint terreng, seier Ann Kristin Vike.

Store ressursar

Norsk Folkehjelp er i området der søket etter den sakna mannen går føre seg, og vil etter kvart ta seg inn til området der det reknast med at den sakna mannen er. Dei blir etter kvart løfta ut i terrenget ved hjelp av helikopter. Sivilforsvaret er på staden for å hjelpe med nødvendig utstyr og mannskap.

– Det er svært ulendt terreng, mykje steinur og tett vegetasjon nede ved Eikesdalsvatnet, og det er bratte skrentar og det er vanskeleg for søkemannskapa til fots, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Torry Aakenes, som påpeiker at den sakna mannen er vant til å ferdast i fjellet.

– Så langt har vi ikkje gjort nokon konkrete funn, korkje av menneske eller utstyr, men ut ifrå det vi har gjort av undersøkingar og dei planane vedkomne hadde i forhold til turen, så stemmer det med plasseringa av hans bil, så vi antar at han framleis oppheld seg ute i terrenget, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Torry Aakenes.

NRK følgjer saka.

Erfaren fjellgåar

Eit Seaking-helikopteret har søkt etter den sakna mannen i natt, medan to hundeekvipasjer og fotfolk starta søk da dagslyset kom. Ifølgje folk på staden har éin hund og nokre få av leitemannskapet bevega seg så vidt inn i området.

Terrenget er svært vanskeleg og ulendt, med mange steinurer og stup, opplyser politiet til NRK. Den sakna mannen i 50-åra skal vere ein erfaren fjellgåar og skal ha gått i området tidlegare. Han har ikkje hytte eller bustad i Møre og Romsdal.

Leiteaksjon i Eikesdal

Det er svært mørkt i Eikesdalen. Her er éin av politibilane ikkje langt frå der bilen til den sakna mannen blei funnen.

Foto: Ann-Kristin Vike

Ikkje kontakt på telefon

Den sakna mannen er heimehøyrande i Oslo. Han starta fjellturen i Møre og Romsdal tysdag. Sidan då har ikkje familien høyrt frå han, melde Romsdals Budstikke som var først ute med saka.

– Ingen har vore i telefonisk kontakt med mannen sidan måndag kveld. Planen hans var, ifølgje dei som prata med han, at han skulle ta turen i går og melde tilbake når han var ferdig. Den meldinga saknar no dei pårørande.

Det fortalde operasjonsleiar Torry Aakenes til NRK onsdag kveld.

Ønskjer varmesøkjande kamera

Nordmøre og Romsdal politidistrikt fekk melding av kjenningar og pårørande klokka 16.46 onsdag ettermiddag. Like etter klokka 21.00 onsdag kveld var helikopter i lufta.

– Seaking-helikopter er no over området og søkjer frå lufta. Det er lys og varmesøkjande kamera på helikopteret, slik eg forstår det, opplyste Aakenes onsdag kveld.

Torsdag morgon kjem det fram at helikopter med varmesøkjande kamera er forsinka grunna tett tåke på Oslo Lufthavn.

Mannen skal ha gått opp mot fjellet Vikesaksa, eit fjell på grensa mellom kommunane Sunndal (Nordmøre) og Nesset (Romsdal).

Saka held fram under bildet.

Helikopter landar i Eikesdal

Seaking-helikopteret landa like før midnatt. Leiteaksjonen held fram når det blir lysare.

Foto: Ann-Kristin Vike

– Fann bilen parkert og forlaten

Politiet seier til NRK at det er mange vegar opp til Vikesaksa.

– Det er eit fjellparti du kan kome deg inn og opp til på fleire måtar.

– Vi prioriterte først å finne bilen til mannen, men det blei eit negativt søk på sunndalssida. Vi tok oss rundt og inn i Eikesdalen, der vi fann bilen parkert og forlaten, sa Aakenes.

Politiet har oppretta kommandosenter ikkje langt frå bilen, og har fleire menn på staden.

– No vurderer vi fortløpande ut frå resultata som Seakingen gjer. Vi vurderer alpine redningsgrupper og hundar.

– Samstundes er det mørkt, bratt og i ulendt terreng, så det spørst kor nyttig det er å sende folk opp dit no, avslutta operasjonsleiaren.

Får hjelp av lokalkjende

Knut Vike sjølv fortalde at han kanskje blir med opp i helikopteret som lokalkjend.

– Seakingen er oppe no og skal gjere eit førebels søk. Vi ventar dei ned straks, då vil mannskapet der sikkert prata med politiet og avgjere vidare kva som skal skje, sa Vike til NRK 21.40 onsdag kveld.

Mannen var framleis sakna Torsdag morgon.

NRK følgjer saka.

Leiteaksjon i Eikesdal

Hund og leitemannskap var i full sving onsdag kveld.

Foto: Ann-Kristin Vike