Hopp til innhold

Melder Helse Midt-Norge-advokat for innblanding

– Ho blandar seg inn i lønspolitikken vår.

Svein Konstali

Svein Konstali og Helsenor meiner advokaten til Helse Midt-Noreg har blanda seg inn i den interne lønspolitikken til vikarbyrået.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Vikarbyrået Helsenor har meldt Helse Midt-Noreg sin advokat til advokatforeininga si disiplinærnemd for brot på god advokatskikk.

Helsenor er det største vikarbyrået i landet for sjukepleiarar med skandinavisk språk.

– Advokaten blandar seg inn

Leiaren i selskapet, Svein Konstali, meiner at advokaten til Helse Midt-Noreg, Dordi Flormælen, har blanda seg inn i den interne lønspolitikken til selskapet.

Helse Midt-Norge

Helsenor meiner Helse Midt-Noreg prøver å tvinge dei til å endre personalpolitikken sin.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ifølge Helsenor prøver Helse Midt-Noreg å tvinge selskapet til å endre personalpolitikken sin, sjølv om han ikkje er lovstridig.

Får løn etter resultat

Dei som arbeider i administrasjonen i Helsenor får meir i løn jo fleire sjukepleiarar dei klarer å leige ut.

Dette har advokat Dordi Flormælen i Helse Midt-Noreg bede selskapet endre på.

Dordi E. Flormælen

Advokat Dordi Flormælen i Helse Midt-Noreg meiner at klagen mot henne er fullstendig grunnlaus.

Foto: Helse Midt-Norge

I ein kommentar til NRK skriv Flormælen:

– Å klage meg inn for Disiplinærnemnden er en rettighet enhver, også Konstali, har dersom man mener det er grunnlag for dette. Jeg imøteser Disiplinærnemndens vurdering med stor ro da jeg er av den klare oppfatning at klagen er fullstendig grunnløs.

OK med resultatbasert løn

Advokat Erik Engeland skriv i eit brev til Helsenor at resultatbasert løn i form av provisjon eller bonus er fullt akseptert og lovleg i det norske arbeidslivet.

Han skriv at avtalar om slike lønsordningar er noko både arbeidssøkande og arbeidsgjevarar står fritt til å velje.