Hopp til innhold

Meir tåketrøbbel i fylket

Det har vore store problem i flytrafikken både i Kristiansund og Molde torsdag.

Nordlandet i Kristiansund i tåke

Skodda heng lågt over Kristiansund. Det skapar store problem for flytrafikken.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det ser ikkje heilt bra ut, seier lufthamnsjef Ole Kristian Pettersen om situasjonen i Kristiansund.

I morgontimane torsdag var det ikkje mogelg for eitt einaste fly å lande eller lette på Nordmøre.

– Akkurat no er det nok langt fleire folk som ventar her enn vi eigentleg har plass til, seier ein smått resignert lufthamnsjef til NRK i 11.30-tida.

Ingen flygingar

Ole Kristian Pettersen

Lufthamnsjef på Kristiansund flyplass seier det er dårlege forhold alle fly på grunn av skodde.

Tett skodde førte torsdag til forseinkingar for reisande både til Trondheim og Oslo, samt dei som skal til Kristiansund.

– Nett no er vi veldig forseinka, men eg vil likevel oppmode alle passasjerar om å kome til flyplassen til vanleg tid, seier Pettersen.

– Om skodda ikkje plutseleg lettar, kan det likevel bli aktuelt å skysse reisande til andre flyplassar i nærleiken, legg han til.

Det fyrste flyet som tok av frå Kvernberget i Kristiansund torsdag, gjekk like før klokka 13.

Kan bli fleire innstillingar

Kristiansund lufthamn Kvernberget

Først i 11-tida begynte tåka å lette på Kvernberget i Kristiansund. Likefullt er det ikkje nok til at flytrafikken kjem seg i gang igjen.

Foto: Roar Halten / NRK

Fire avgangar vart innstilt før klokka tolv, men lufthamnsjefen ser ikkje vekk ifrå at det kan bli fleire utover dagen.

– Det er opp til flyselskapa å avgjere, men det er avgrensa kor lange forseinkingar ein kan operere med før det får problem for andre ruter igjen, seier han.

– Når trur du trafikken er i normalt gjenge igjen?

– Det tør eg ikkje spå. I går vart det sagt at tåka skulle lette rundt lunsjtider, men det tok mykje lenger tid.

Klokka 11.47 landa eit Widerøe-fly frå Kristiansand, og det er knytt spenning til om det avviklinga vil kome seg i gang att utover føremiddagen.

Problem i Molde

På flyplassen i Molde gjekk trafikken greitt på starten av dagen, men der har forholda blitt verre utover morgonen. 09.35-flyet til Bergen vart innstilt, og det same gjaldt eit SAS-fly til Oslo klokka 10.25. Det er også store forseinkingar på fleire ruter.

I Ålesund går trafikken som normalt, trass i at det også der er mykje skodde.

Trøbbel sidan tysdag

Flyplassane i Møre og Romsdal har hatt problem med mykje skodde sidan tysdag kveld. Onsdag var fleire avgangar innstilte både i Ålesund, Molde og Kristiansund.

Blant anna måtte flyet til finansminister Siv Jensen gjere vendereis til Oslo etter å ha sirkla over Kristiansund i morgontimane.