Hopp til innhold

Meiner meteorologane bommar grovt - ber folk kome seg til fjells

Stordal Alpintsenter hevdar meteorologane bommar med vermeldingane og skremer folk frå å reise på fjellet. Manglande besøk gjer at dei taper tusenvis av kroner kvar dag.

Stordal med sol og sky

Både sol og skyer pregar veret i Stordal søndag. Ifølgje vervarselet skulle det bli bygever, og det frustrerer dei som driv skisenteret.

Foto: Frode Færøy

Søndag ettermiddag la skisenteret i Stordal ut denne meldinga: "Nye fjellveggregler. Ikke hør på værmeldingen. Kom deg på fjellet. Her er strålende vær". Og fekk raskt mange likes.

Marknadssjef Frode Færøy seier dei er frustrerte over vervarslinga. Han har hatt omlag 200 gjester, og meiner tre gongar så mange hadde vore der, om dei visste kor bra veret faktisk var.

Frode Ferøy

Marknadssjef Frode Færøy hevdar folk blir skremde frå å gå på ski fordi meteorologane bommar med vervarslinga.

Foto: privat

– Det har vore meldt snø og regn i tre-fire dagar i strekk. Her er det solskin og solbrillever og godt føre, seier Færøy.

Vervarselet for Stordal søndag viser regnsymbol, i tekstvarselet står det "regnbyer, snøbyer".

Les også:

Seier folk blir sitjande heime

Skikøyrarar i Stordal

Om lag 200 gjester har vore i skianlegget i Stordal i dag.

Foto: Frode Færøy

Påska er viktig, ikkje minst for dei små, dugnadsbaserte skianlegga. Då kan dårlege vermeldingar gjer at folk blir sitjande heime i staden for å reise på fjellet.

– Eg trur det er veldig mange som har planlagt heilt andre ting i dag, fordi vermeldinga i går var så dårleg. Det er synd at dei går glipp av ein fin dag på fjellet, og synd for skianlegga som taper omsetning, seier han.

Ikkje samd i at dei bommar

Statsmeteorolog Haldis Berge

Statsmeteorolog Haldis Berge er ikkje samd i at dei bommar, men seier det er vanskeleg å seie kvar bygene treff til ein kvar tid.

Foto: Marit Hommedal

Statsmeteorolog Haldis Berge ved Vervarslinga for Vestlandet er ikkje samd i at dei bommar, men seier det er vanskeleg å varsle kvar bygene kjem.

Det er ikkje enkelt å melde veret no, fordi vi har fleire små lavtrykk som flyttar på seg, seier ho.

Søndag er det difor meldt bygever i Møre og Romsdal, akkurat som laurdag.

Taper tusenvis av kroner på dårlege dagar

Skjermdump frå sidene til Arena Overøye Stordal Alpinsenter

No er alpintsenteret i Stordal lei av dårlege vermeldingar. Marknadssjef Frode Færøy seier dei ikkje har sett noko til nedbøren som var meldt.

Foto: Skjermdump

Ifølgje marknadssjefen kan ein dårleg dag bety 5-10 000 kroner i omsetning. Ein ekstremt god dag, opp til 150 000 kroner.

Det blir no laga nye fjellveggreglar, etter at dei første blei nedskrivne etter ulykkespåska 1967. Marknadssjefen i Stordal har altså allereie forfatta si eigen, å ikkje høyre på vermeldinga. Han vedgår at det mest er meint som spøk.

– Det var mest meint som ei tøysete melding. Det var litt tullete. Vi vil sjølvsagt at folk skal høyre på vermeldinga. Men her er det altså strålande ver, det har ikkje vore nedbør her, trass i at meterologane varsla regn og snø, seier han.