Turisten Colin hadde det travelt med å kome seg vekk frå Geiranger etter å ha sett den veldige pågangen førre veke.
- Les også:
– Slik som det er no er ikkje dette ein stad for meg. Det er altfor mange turistar her, men først og fremst er det cruiseskipa som har øydelagt denne vakre bygda. Utsleppa legg seg igjen i fjorden, og det er langt ifrå bra, seier Colin, som opphavleg kjem frå strandbyen Byron Bay i Australia.
Måtte sjå Geiranger
Vanlegvis brukar Colin å unngå stader som har mykje turisme. Men Geiranger måtte han sjå likevel.
– Den einaste grunnen til at eg kom var på grunn av verdsarvstatusen. Reisa frå Ålesund og innover fjordane er utruleg vakker. Men etter å ha vore her i to timar er eg meir enn klar til å fare, seier han.
- Les også:
Noreg skil seg veldig frå det Colin er kjend med frå før. Han studerer spansk og spansk historie i eksotiske Guatemala, og elskar å reise rundt om i verda. Før han kom til Geiranger stoppa han i Ålesund. Der trivst han godt – trass i mykje turisme der òg. Men i Geiranger er det for konsentrert, ifølgje Colin.
– Eg kunne gjerne ha hoppa på ferja til Hellesylt igjen rett etter at eg var ferdig med fossevandringa. Turen har vore veldig fin, men turistane gjer meg galen.
Saka held fram under biletet ...
Frustrert over utslepp i norske fjordar
Naturvernforbundet har lenge vore frustrert over utsleppa frå cruiseskip. Eksos og andre utslepp er allereie eit problem i verdsarvsbygda Geiranger, slik som i resten av verda. Direktør i Geirangerfjord Verdsarv, Katrin Blomvik, veit akkurat kva ho ville sagt til den litt halvnøgde turisten Colin.
– Eg ville fortalt Colin om arbeidet med «Grønn Fjord». Vi er veldig oppmerksame og har mykje omsorg for området vårt. Vi har riktig nok fleire store problemstillingar framføre oss, som gjer at vi treng tid og hjelp til å finne dei rette løysingane, seier Blomvik.
Forureining frå cruiseskip er ikkje ei lokal utfordring, det er ei nasjonal og internasjonal sak.
– Vi ser difor fram til å drøfte saka med klima- og miljøminister Tine Sundtoft når ho kjem til Geiranger i september.
Ho seier at desse problema er umogelege å løyse over natta. Men ho lover at dei kjem til å finne dei rette løysingane. I Bergen kan løysinga vere at cruiseskipa brukar straum frå land medan dei ligg til kai. Det kan derimot vere vanskeleg å få til i Geiranger.
– Eg skulle ønskje at landstraum var løysinga i Geiranger også, men det ligg ganske langt fram i tid på grunn av straumtilførselen inn til bygda. Ein skal likevel aldri seie aldri. Men det å byggje nye kraftlinjer inn til Geiranger vil krevje store inngrep i landskapsvernområda som omkrinsar bygda – og det er ikkje realistisk, seier direktøren.
- Les også:
Ikkje uroa for å miste verdsarvstatus
Blant anna ukontrollert forureining og turisme truar verdsarven. Dersom ein stad mistar særpreget som førte til at dei kom på verdsarvlista, kan verdsarvkomiteen fjerne staden frå lista. Dette har skjedd to gonger – først med Oryx-reservatet i Oman i 2007 og med Elben-dalen i Dresden i Tyskland i 2009. Blomvik er derimot ikkje uroa for at det skjer i Geiranger.
– Vi har ikkje fått beskjed om at vi står i fare for å miste verdsarvstatusen vår. Men vi er veldig klar over at vi står ovafor ei problemstilling knytt til forureining frå cruiseskip, ferjer og andre transportmiddel i området, seier ho.
- Les også:
Ho trur ikkje at cruiseturismen vil forsvinne. Men ho trur at skipa vil bli meir miljøvennlege i framtida og at grøn skipsfart vil segle fram som ein spennande industri.
– Det vil kome strengare restriksjonar på internasjonale farvatn, og det tvingar reiarlaga til å investere i klimavennleg teknologi. Eg trur difor at cruiseturismen vil halde fram, men at dei heller vil ferdast sporlaust i fjordane våre, seier Blomvik.
Saka held fram under biletet ...
Fastbuande forsvinn – turistane blir att
Hamnesjef i Stranda kommune, Rita Berstad Maraak, fortel at dei jobbar kontinuerleg for å få til gode miljøtiltak i Geiranger. Alle cruiseskipa som kjem innom må ha godkjente sertifikat som oppfyller alle miljøkrava, og det gjeld ikkje berre Geiranger. Det er nasjonale og internasjonale krav.
– Vi jobbar også med tiltak som kan gjennomførast på land. Vi må også vurdere å regulere talet på turistbussar i omløp, seier hamnesjefen.
- Les også:
Ho syns det er synd at Colin ikkje treivst i Geiranger. Ho har brukt mykje tid i bygda denne sommaren og turistane har kome med svært mykje ros. Men ho meiner at det er viktig å vere obs på denne situasjonen.
– Dei fleste som bur her lever av turismen, så den kan vi ikkje kvitte oss med. Talet på fastbuande og skuleelevar går nedover, og vi vil ikkje at Geiranger skal ende opp som ein turistattraksjon utan fastbuande, seier Maraak.