Hopp til innhold

Vilje og Ask (1 år) er på fisketrålar

Ikkje mange kvinner er styrmenn, og svært få av dei tek med barna på jobben. Faktisk er det berre ei, nemleg styrmannen på fisketrålaren Andenesfisk I.

Styrmann Elin Kibsgaard valde å ta med tvillingane sine, eitt-åringane Arn og Vilje, då ho måtte til havs med fisketrålaren AndenesFisk 1.

Tvillingane Vilje og Ask Kibsgaard Hagen leikar seg mykje i messa på fisketrålaren.

Babyvogn

Dekket er stort nok til små trilleturar, men omgjevnadene er utanom det vanlege.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Store kveilar av tau pregar det store kvite dekket. Det durar og går i maskineriet medan karar i oransje oljeklede ber svære kasser hit og dit. Akkurat slik ein hadde forventa av ein større fisketrålar.

Men i den eine kroken, rett ved livbøya og redningsdraktene, er det noko som skil seg ut. Der står nemleg ei dobbel babyvogn med teppe og leiker oppi. Vogna høyrer til tvillingane Vilje og Arn Kibsgaard Hagen på halvanna år. Dei har blitt med mamma Elin Kibsgaard (40) på jobb – frå Tyrkia til Ålesund til Andenes og tilbake igjen – nesten tre månadar totalt.

Det var aldri eit alternativ å la dei bli att på land, seier sunnnmørskvinna.

Elin Kibsgaard

Elin Kibsgaard (40) seier det går langt betre enn venta å ta med seg to babyar til sjøs.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Vi skulle ut på juletur, og det er litt spesielt. Mannfolka om bord brukar alltid å sakne ungane sine ekstra mykje då. Det orka eg ikkje tanken på.

Sjøsjuk au pair

Sambuar Andreas Hagen hadde heller ikkje så lyst til å bli att heime med tvillingane. Som båteigar ville han nemleg oversjå den siste byggfasen av fisketrålaren som i haust stod på eit verft i Tyrkia.

– Vi har begge vakse opp på sjøen, så for oss vart det derfor eit ganske naturleg val å ta dei med, seier ho.

Den nybygde båten har blant anna ein spesialtilpassa familielugar med ekstra tumleplass for to små. Ein au pair frå Filippinane skulle vere med frå Tyrkia for å passe ungane iblant, men ho vart sjøsjuk rett etter dei kasta loss.

– Ho spydde i tolv dagar i strekk. Eg fattar ikkje at ho heldt det ut, fortel Elin.

Hjelpsamt mannskap

Geri Detcheva

Geri Detcheva frå Bulgaria og mannen hennar Joro hjelpte mykje til då au pairen til tvillingane var sjøsjuk.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Heldigvis trådde mannskap frå det kvilande skiftet til, og bestefedrar kom på besøk for å passe Arn og Vilje medan mamma og pappa var i rorhuset.

– Vi har vore utruleg heldige og fått mykje hjelp – det må seiast. Det hadde nok ikkje gått visst ikkje, seier styrmannen.

På turen frå Andenes til Ålesund kunne verken sambuar eller bestefedrar bli med. Elin fortel at ein monitor i barnesenga og ein iPad i rorhuset var redninga.

– Medan eg var på vakt slo iPad-skjermen inn om dei hosta eller slikt. Om dei vakna var avtalen at dekksfolket anten gjekk ned og såg til dei eller tok over rorhuset ei stund, fortel ho.

Tidleg krøkjast

Jonesen

Jonhard og Roinn Joensen frå Færøyane har nett mønstra på båten og har ikkje møtt tvillingane enno. – Det blir noko heilt nytt, seier dei.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Elin vedgår at ho var langt frå sikker om det ville fungere med to små om bord medan ho sjølv jobba skift. Men Arn og Vilje tilpassa seg raskt livet om bord.

– Vilje har allereie fått skikkeleg sjøbein og vaggar i takt med bølgjene, akkurat som gamle sjøulkar. Arn, som ikkje kan gå heilt enno, tenkjer veldig HMS og held seg godt fast når det uroleg, ler ho.

– Dei har utruleg nok ikkje vore sjøsjuke ein einaste dag, legg ho til.

– Har kvarandre

Andenesfisk I

Den nye fabrikktrålaren Andenesfisk I vart døypt i desember i Andenes. Tvillingane var sjølvsagt med på hendinga. Her ligg båten til kai i Ålesund.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Styrmannen var heller ikkje trygg på om mannskapet på 32 ville vere positive til ideen.

– Det kan jo vere travelt å stå på jobb i seks timar, for å så møte nokre hylande ungar, men faktisk så ser eg at mannskapet ofte oppheld seg der ungane er når dei har fri. Problemet er vel heller at det blir vanskeleg å få rein familietid, seier ho.

Elin legg til at ho er glad for at tvillingane har kvarandre til å leike seg med.

– Dei har mykje glede av kvarandre, så eg trur nok ikkje eg ville ha teke med ein unge åleine, seier ho.

Uvanleg

Trond A. Dyb

Rådgjevar Trond A. Dyb i Norsk Sjøoffiserforbund, synest det er positivt at barn kan bli med til sjøs.

Foto: Privat

Rådgjevar Trond A. Dyb i Norsk Sjøoffiserforbund (NSOF) seier at det ikkje er heilt uvanleg at nokon tek med barna ut på tur, men at det gjerne er snakk om kortare periodar eller med ein ektefelle som kan sjå etter ungane.

– Eg har derimot ikkje høyrt om tilfelle der begge foreldra har vore del av mannskapet, seier han.

I fleire reiarlag får ein ikkje vere på same båt om ein er gift eller saman, men slik er det altså ikkje i Andenes Havfiskeselskap.

– Det er positiv at det går an å gjere det slik, men det må jo vere ei veldig stor utfordring å ha ansvar for to babyar medan ein er på vakt. Som kaptein og styrmann skal ein jo vere fullt årvaken over kva som skjer, seier Dyb.

Sikkerheit

Dyb har sjølv vore om bord fisketrålaren og sett korleis dei har organisert seg. Han tør derfor hevde at ordninga ser ut til å fungere greitt i deira tilfelle.

– Kapteinen har nok vurdert dette nøye. Andenesfisk I dessutan ein fin og stor båt, så eg trur nok ikkje vert gambla med noko når det kjem til sikkerheita, seier rådgjevaren.

Andenesfisk I

Eittåringen Vilje stortrivst blant dei vaksne mennene i messa. Bakarst står pappa Andreas Hagen og forsyner seg av eigenprodusert fiskegrateng.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Dei aller fleste kvinnelege styrmenn sluttar eller går ut ein lengre permisjon når dei får barn. Er løysinga til Kibsgaard og Hagen noko som burde blitt kopiert i andre reiarlag?

– I dag som båtane er sikrare, burde ein kunne sjå på det, meiner Dyb.

Han har sjølv har vore mannskap på ein båt der kapteinen hadde med kone og to barn.

– Eg syntest det var heilt topp! Det er eit positivt innslag i ein elles jobb- og mannsdominert kvardag.

– Så lenge ein skil jobb frå familielivet og tenkjer på sikkerheita, så er det suverent om ein kan med ungar på sjøen, avsluttar han.

Blir med på ny tur

Dei neste vekene skal Elin og familien hennar ta pause frå havet og båten.

– Det å kunne sove og vere vaken samstundes som ungane – det blir noko nytt, ler ho.

Men tvillingane rekk ein tur til med fisketrålaren før dei skal begynne i barnehage.

– Det var i utgangspunktet meininga å berre ta dei med på ein tur, men sidan det har gått så overraskande bra, så får dei bli med ut ein gong til, smiler tobarnsmora.