Hopp til innhold

MC-førar sendt til sjukehus

Føraren av ein motorsykkel er sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim etter ei trafikkulykke i Surnadal.

Kvamsgjerdet

Det var i 16.30-tida at naudetatane rykte ut til ulykka på fylkesveg 65 i Kvamsgjerdet i Surnadal. Ein motorsykkel og ein møtande bil skal ha kollidert. Motorsyklisten vart sendt til sjukehus i Trondheim, men etter det politiet erfarer skal føraren ikkje vere kritisk skadd.

– Det skal heller ikkje ha vore halde høg fart, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Det var tre persona i bilen og ingen av dei kom til skade. Politiet veit ikkje årsaka til ulykka og gjer no undersøkingar på staden.

Trafikken vert dirigert forbi ulykkesstaden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL