Hopp til innhold

Storsuksess for årets matfestival i Ålesund

Matfestivalen skapte folkefest i Ålesunds gater denne helga. Både kundane, utstillarane og arrangøren var godt nøgde.

Matfestivalen i Ålesund 2014

Matfestivalen i Ålesund blei i år nummer 30 i rekka. No er dei tilbake, seier festivalsjefen.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Terje Devold på årets festival

Festivalsjef Terje Devold meiner at dei gjorde suksess med årets Matfestival.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

– I fjor var ikkje festivalen i sentrum, no er vi tilbake der vi skal vere, seier ein godt nøgd festivalsjef Terje Devold.

Den norske matfestivalen var i år tilbake i Ålesunds gater, og i strålande vêr har både store og små fått oppleve unike mattopplevingar i bysentrum.

– Vi skal ikkje legge skjul på at vêret har bidratt til at årets festival har blitt ein større suksess enn vi hadde turt å håpe på, fortel Devold.

Stort utval

Spreidd utover byen kunne publikum besøke ulike utstillarar som kunne by på blant anna kvalkjøtt, røkt laks, oliven, grillspyd og spekepølser. I tillegg kunne festivalen freiste med middagar, lunsj, kurs og seminar.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar og føler at vi har funnet fram til eit konsept som fungerer, seier Devold.

Både kundane, utstillarane og arrangøren var godt nøgde med årets festival.

– Dei fleste arrangementa vore har vore utseld, og mange av dei har hatt venteliste, seier Devold.

– Det er tydeleg at folk er interesserte og vil oppleve nye ting. Det er ei matinteresse som er veldig sterk i denne regionen, og det kjem vi til å satse vidare på i framtida, held han fram.

Satsar på bysentrum

Han fortel vidare at dei har brukt ein del tid på å finne ut korleis dei skulle organisere festivalen, men føler no at dei har kome heim.

– Det er i bysentrum vi høyrer heime, så i forhold til folkefesten og åra framover så er det definitivt i Ålesund sentrum vi skal vere, seier Devold.

Han tykkjer det har vore spesielt morosamt å sjå folkelivet i gatene.

Slike arrangement er avgjerande for eit levande bysentrum. Ålesund er som skapt for slike arrangement, og det er slik byen skal vere.

Terje Devold

– Det er ei gate som ofte blir sett på som litt tom og kjedeleg. Det å kunne sjå gågata full av liv og menneske har vore flott.

Devold trur arrangement slik som matfestivalen er viktige for å skape liv og røre i Ålesund sentrum.

– Slike arrangement er avgjerande for eit levande bysentrum. Ålesund er som skapt for slike arrangement, og det er slik byen skal vere. Full av livsglede og opplevingar, seier han.

Satsar vidare

Devold fortel likevel at dei vil halde fram med å satse på festivalen for å utvikle den til ein enno betre festival i tida som kjem.

– Vi fekk eit pent overskot i år, noko som gir oss ei tryggleik til å satse vidare, seier han.

Vidare fortel han at det spesielt er det matfaglege dei vil satse.

– Folkefesten og plasseringa føler vi at vi har på plass no. Det vi vil jobbe meir med er ein fagretta verksemd retta meir mot større kunnskap om lokale råvarer og det profesjonelle miljøet, seier Devold.

Han trur det er nødvendig for at den norske matfestivalen skal kunne halde fram med å utvikle seg i dei komande åra.

– Ambisjonen for neste år er å heve det matfaglege nivået ovanfor det profesjonelle marknaden. Vi kjem til å halde fram med å satse, seier han.