Hopp til innhold

Martin Blomvik kom ikkje til MGP-finalen i Oslo Spektrum

Martin Blomvik frå Sula i Møre og Romsdal kom ikkje til finalen i Melodi Grand Prix. Han var førstemann ut i delfinalen i Florø, og sette salen i kok med låta «Det vakje mi tid».

Martin Blomvik

Martin Blomvik var først ut i delfinalen i Florø, med 'Det vakje mi tid'. Han fekk imidlertid ikkje nok stemmer til å kome til finalen i Oslo Spektrum.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Då Margaret Berger blei ropt opp som vinnar av delfinalen i Florø, var det klart at Martin Blomvik frå Sula ikkje skal stå på scena i Oslo Spektrum under finalen i Melodi Grand Prix. Det var rett og slett ikkje Martin Blomvik si tid denne gongen.

– Vi er likevel fornøgde. Låta blir spelt mykje på radio, og vi hevdar oss godt på listene. Og her har det vore ein god innsats av kompisen min, Martin Blomvik, sa ein av medlåtskrivarane, Bjørn Johan Muri, under finalen.

Dronninga leverte resultata

Den utkåra MGP-dronninga i Florø kunne med brask og bram overlevere konvolutten med dei tre songane som kunne gå vidare.

– Her har vi resultata frå delfinalen i Florø, kunne ho proklamere.

Først opp av hatten kom Sarpsborg-jenta Ann Sofi (18), med låta «I'm with you» av Alexander Rybak.

– Dette er heilt sinnssjukt. Takk alle som har stemt på meg, braut ho ut då det gjekk opp for henne at ho var vidare til Oslo Spektrum.

På andre plass kom gruppa Fjellfolk.

Tusen takk. Vi skal gje alt. No blir det feleslåttar resten av kvelden, sa medlemene i gruppa frå Bykle i Setesdal.

Margaret Berger vann

Spenninga var stor då vinnaren, den siste utvalde, den som hadde fått aller flest røyster skulle opp av konvolutten. På scena sto dei alle saman. Kanskje sto det mellom Martin Blomvik og Margaret Berger. I alle fall var det Margaret Berger som blei lest opp, og som tok den siste ledige plassen.

– Frå ei kjip periode

Martin Blomvik framførte låten «Det vakje mi tid», skriven av han sjølv, Bjørn Johan Muri og Mads Weinholdt.

Les alt om Melodi Grand Prix

– Songen blei til i ei «kjip» periode i livet mitt. Eg fann ut at eg måtte gjere noko. Då var det å satse på songen og gitaren, sa Martin Blomvik like før han gjekk på scenen i Florø.

Sula-dialekt

Det er ei svært personleg låt, er skriven på nynorsk og blei framført på klingande Sula-dialekt.

– No syng eg på Sula-dialekt. Og dette er stort for meg. Det er «way up high», sa han under TV-showet frå Florø.

– Eg hadde musikken

Martin Blomvik har vakse opp i Sula. Dette er ein kommune på Sunnmøre med rike musikktradisjonar. Herfrå kjem kjende musikknamn som Ytre Suløen Jazzensenble, Brazz Bros, Annbjørg Lien, Robert Post og mange, mange fleire.

– Eg var ikkje skuleflink. Men musikk hadde eg greie på. Så det ER mi tid no, sa Blomvik og entra scenen og sette salen i kok.

– Sinnssjukt

«Det vakje mi tid» var første låt ut i dag. Likevel klarte Martin Blomvik å skape stor stemning frå scena i Florø.

– Dette er sinnssjukt. Eg fekk DET kicket, sa artisten som nettopp hadde kome ned frå scena, og fekk umiddelbar respons frå publikum i Florø.

– Blanke ark

Martin Blomvik er fersk som artist på nasjonalt plan. I eit slikt stort sirkus er han ein debutant.

– Ja, her står eg med heilt blanke ark. Eg er heilt mållaus, sa Martin Blomvik.

Men trass innsatsen var det tre andre låtar som fekk fleire stemmer enn «Det vakje mi tid».