Hopp til innhold

No er Høgskulen i Ålesund ein del av NTNU

I dag er det ei stor markering på Høgskulen i Ålesund for å feire at NTNU slo seg saman med høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag 1. januar.

NTNU i Ålesund (Mobilbilde)

Høgskulen i Ålesund blir ein del av det største universitetsmiljøet i Noreg. Dei 2000 studentane blir etter fusjonen ein del av ei samla studentmiljø på nær 38 000 studentar. Høgskulen blei etablert i 1994.

Foto: Frode Berg / NRK

Frå klokka 10.00 måndag vil det vere ei markering for å feire at Høgskulen i Ålesund har blitt ein del av NTNU. Det nye universitetet blir Norges største, og vil ha nærare 38 000 studentar.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad vil delta på markeringa i Ålesund.

Sjå fusjonsmarkeringa her direkte frå klokka 10.00

Positivt for miljøet ved skulen

Direktør ved Høgskulen i Ålesund, Roar Tobro, ser fram til den nye kvardagen der Ålesund er ein del av NTNU.

– Vi har jobba mykje med dette i ei lang tid no, og analysert både moglegheiter og trugslar. Men dess lenger prosessen har gått, og dess nærare vi har kome kvarandre, dess sikrare er vi på at denne fusjonen er den riktige avgjerda. Både for oss som institusjon og for regionen som vi er ein del, seier han.

Roar Tobro

Høgskuledirektør Roar Tobro ser fram til samarbeidet med NTNU.

Foto: Privat

Tobro trur samanslåinga vil vere positivt både for studentane og for miljøet ved skulen.

– Studentane kan no bevege seg mellom ulike campus, enten det er i Trondheim, Gjøvik eller her i Ålesund, og dei kan ta både enkeltemne og kurs innanfor dei utdanningane dei er i ferd med og gjennomføre, seier han.

Høgskuledirektøren forventar at fusjonen også vil vere med på å auke forskingsarbeidet ved skulen.

– Dette blir Noregs største universitet, så den posisjonen det får både nasjonalt og internasjonalt vil styrke forskingsinnsatsen vår i stor grad, seier han.

Men det er framleis mykje arbeid som står att i arbeidet med utforminga av det nye universitetet som Ålesund no er ein del av.

– Vi har framleis store prosessar føre oss, og vi får meir enn nok å gjere også i 2016, seier Tobro.