Hopp til innhold

Mannen fenger «heile» nasjonen

Fredag kveld vart farenivået for Mannen heva til raudt, og med det vart merksemda igjen retta mot Rauma og det rasfarlege fjellpartiet.

Mannen måndag 21. september

Ventinga på Mannen føre til mange morosame utspel på sosiale medium.

Foto: Ivar Eidheim

I oktober i fjor strøymde pressefolk og andre nysgjerrige frå heile verda til foten av fjellet for å vente på at skredet frå Mannen skulle kome. Skredet kom aldri, rørslene stabiliserte seg, og Mannen byrja å gå i gløymeboka. I alle fall for ei lita stund.

Fredag 18. september var rørslene i fjellpartiet igjen så store at farenivået vart oppgradert til det høgaste nivået og bebuarane under Mannen måtte evakuere. Og med det fekk også interessa for fjellet ein oppsving.

Eli Skogerbø, professor ved Institutt for medium og kommunikasjon på Universitetet i Oslo, trur det er fleire årsaker til at mange let seg engasjere av det rasfarlege fjellpartiet i Rauma.

– Det er ei dramatisk hending, med mange aspekt. Dei fleste nordmenn har eit forhold til fjell, og sjølv om dei ikkje nødvendigvis bur i nærleiken av eit rasfarleg fjell, så er det noko dei fleste kan relatere seg til, seier ho.

Høyr innslaget her:

– Lett å spøke med Mannen

At fjellpartiet fell ned før eller seinare, er ekspertane samde om. Spørsmålet er berre når det skjer. Og det er nettopp denne ventinga som har ført til mange morosame utspel på ulike sosiale medium, trur Skogerbø. Også i fjor utløyste Mannen eit skred av humor.

– Eg trur det er menneskeleg å lage humor av slike ting. Her er det fleire ting å spele på, både namnet og den lange ventinga på at noko skal skje, seier Skogerbø.

Ho trur at den store merksemda Mannen får gjennom media, blant venner, på arbeidsplassen og gjennom deling på sosiale medium gjer at det fort blir humor ut av det.

– Situasjonen i Rauma er noko mange snakkar om, og til trass for rørslene som har vore i fjellet står det framleis støtt. Det er det lett å spøke med, seier Skogerbø.

Greitt å spøke med Mannen

Måndag vart farenivået justert ned til gult, og bebuarane under fjellpartiet fekk flytte heim att. Likevel reknar dei med å måtte flytte igjen på kort varsel.

Skogerbø meiner likevel at det er greitt å spøke med Mannen, til trass for at situasjonen er dramatisk for dei involverte.

– Ja. Det kan følast vanskeleg for dei som må flytte ut, og som er redde for kva som skjer. Det skal ein ha respekt for. Men samtidig så veit ein at fjellpartiet blir nøye overvaka av ekspertar, og at det i utgangspunktet ikkje er fare for menneskeliv. Dermed blir det lettare å spøke med situasjonen, seier Skogerbø

– Eg trur aldri ein kan stoppe humoren, den er der alltid, held ho fram.

Også på Twitter er det mange som har det morosamt med #Mannen

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold