Hopp til innhold

Mann i 30-åra hevdar han blei bortført

Fire personar blei i åttetida arresterte i det som kan vere ei bortføringssak i Molde.

Politiet rykte ut til denne bensinstasjonen.

På denne stasjonen kom mannen inn og sa han var bortført.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det var ein mann i 30-åra som kom inn på Shell-stasjonen på Bolsønes som sjølv hevda han var bortført. Dei som jobba der melde straks frå til politiet.

Politiet rykte ut og fekk raskt kontroll over situasjonen, og fire personar blei arresterte.

Ifølgje eit vitne som var på jobb på Shell-stasjonen var mannen skada i ansiktet og verka redd og sløv.

Vitnet seier mannen kom inn saman med ein anna mann, mens dei andre stod ute. Mannen bad vitnet om hjelp og sa han var bortført.

Politiet stadfestar at dei etterforskar saka som ei bortføringssak.

Shell-stasjonen på Bolsønes i Molde

Politiet fekk raskt kontroll over situasjonen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Avhøyr

Operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Øyvind Sund, fortel at det var ein litt kaotisk situasjon som dei prøver å finne ut av.

– Det var tidleg på morgonen, og mykje folk både på stasjonen og i området rundt.

Han har førebels ikkje noko forklaring på at mannen sjølv kunne gå inn på stasjonen og fortelje at han var bortført.

– Dette blir truleg avklart i avhøyr som allereie har starta, seier Sund. Den fornærma blir avhøyrt først, medan dei fire andre blir avhøyrt etter tur.

Alle dei involverte har på eit eller anna tidspunkt vore i kontakt med politiet før. Ifølge Sund har det ikkje kome inn melding om at det har vore brukt våpen i saka.

Ifølgje operasjonsleiaren er det uklart om mannen som hevda han blei bortført kjenner dei arresterte.