Hopp til innhold

Telemarksmann funnen død i Rauma

Ein mann frå Telemark blei funnen død i bilen sin på ein parkeringsplass i Isfjorden i Rauma fredag kveld. Mannen blir no obdusert.

Isfjorden

Det var frivillige frå skimiljøet i Rauma som fann mannen i bilen sin, på ein parkeringsplass i Isfjorden i Rauma fredag kveld. Då hadde familien tidlegare på kveld etterlyst mannen i området, og politiet og frivillige hadde leita etter han.

Ingen mistanke om vald

Politiet anser det ikkje for å vere eit mistenkjeleg dødsfall.

Det er ingenting som tyder på at det har vore utført vald mot mannen, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ifølgje politiet var mannen fjellvand, og hadde vore på tur i Romsdalen i minst ei veke utan å ha kontakt med familien på Austlandet. Fredag kveld slo dei difor alarm.

Kan ha ligge i bilen i fleire dagar

Kor lenge mannen har ligge i bilen er usikkert, men det kan ifølgje politiet ha vore fleire dagar.

Mannen blir truleg obdusert tysdag.