Hopp til innhold

Mange fryktar at varmtvasstanken deira er brannfarleg

Røyrleggarforretningar i heile fylket opplever stor pågang frå kundar som lurer på om varmtvasstanken deira er brannfarleg.

Varmtvannsberedere fra Oso

På heimesida til Oso hotwater er det mogleg å sjekke om din tank er ein av dei som har denne feilen.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

For ei tid sidan blei det oppdaga produksjonsfeil på ein del tankar av merket Oso, og produsenten har bedt brukarane sjekke produksjonsnummer på tanken for å finne ut om den må reparerast.

Men mange kundar kontaktar heller forhandlaren. Jan Olav Brænde i Brændes Røyrleggarforretning i Volda er ein av dei.

– Dei lurer først og fremst på om dei har ein av desse varmtvasstankane som er defekt eller som har ein skade på den elektriske tilkoplingskabelen, seier han.

Har åtvara mot tanken

Det er fleire tilfelle av brann i den elektriske tilkoplinga på tanken som gjer at folk er urolege. Oso har i fleire år åtvara mot tankane som er produsert mellom 2009 og 2011.

Feilen blei først oppdaga i 2012. Selskapet sende i 2013 ut ei åtvaring der dei opplyste at det kunne vere risiko for overoppheting i den elektrisk tilkoplinga på varmtvasstankane deira. Oso har berre fått tilbakemelding frå rundt 30 prosent av dei som har ei slik tank. 70 prosent av desse varmtvasstankane står dermed framleis som brannfeller i tusenvis av bustadhus rundt omkring i Noreg.

Her kan du sjekke kva for tankar som utgjer ei brannfare!

Mange tek kontakt

For mange er det meir naturleg å kontakte forhandlaren, trur Brænde.

– Eg trur nok dei ringer dit dei føler dei kjenner folk og til dit dei har kjøpt produktet. I nokre tilfelle kan det kanskje vere vanskeleg å kome gjennom til produsenten, seier han.

– Kva er det på tanken som må sjekkast?

– Det er først og fremst når den er produsert og eventuelt kva type tank det er, så det er produktnummer og produksjonsnummeret som vi er på jakt etter, seier Brænde.

I løpet av sommaren vil 2,25 millionar husstandar få eit brev frå selskapet, for å forhindre at defekte tankar forårsakar nye brannar.

Manglar delar

Ifølgje Harstad Tidende har Oso ikkje nok reservedelar til å hjelpe alle som må sikre sine potensielt brannfarlege varmtvasstankar. Dagleg leiar, Sigurd Braathen, seier til avisa at leveringstida på bestilte delar er åtte til ti veker.

– Sjekk varmtvasstanken din kvar dag, så lenge du ikkje har fått nye delar, anbefaler brannsjef i Harstad, Ove Frantzen.