Hopp til innhold

– Om eg vert sur, klarer eg ikkje roe meg ned

Remi André Andal (15) har ADHD og bur på ein spesialskule seks mil unna heimen sin i vekedagane. Han er ein av mange unge med spesielle behov som har forlate den vanlege skulen for å få betre oppfølging.

Remi André Andal

15 år gamle Remi André Andal går på spesialskule i Molde. ADHD-diagnosen gjorde at han ikkje fungerte i den vanlege skulen heime i Sykkylven.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Ser deg på fredag, då, Remi!
– Jada, mamma ...

Remi André Andal og mora Veronika Andal står på den tomme trafikkterminalen på Moa i Ålesund. Klokka er 08.25 når dei gir kvarandre ein god klem utanfor bussen, slik dei har gjort kvar måndag morgon dei siste 18 månadane. Det er fem dagar til dei sjåast neste gong.

Om eg blir sur, klarer eg ikkje å roe meg ned. Eg blir litt galen av og til.

Remi André Andal (15)

For litt over ein time sidan forlét han og mamma huset sitt på Ikornes i Sykkylven. No ventar ein lang busstur, ein ferjetur og ein busstur til før Remi endeleg er framme på Tøndergård skole og ressurssenter i Molde. Ein skule som tek imot born og unge med samansette lærevanskar.

– Har ofte følt meg redd han

For Remi fungerte ikkje den ordinære skulen. Han fekk ADHD-diagnosen som 6-åring etter å ha vore hissig og oppført seg utagerande gjennom tida i barnehagen.

– Om eg vert sur, klarer eg ikkje å roe meg ned. Eg blir litt galen av og til, forklarer Remi.

Remi André Andal og Veronika Andal

Remi gir mamma Veronika ein god klem før han går om bord i bussen som skal ta han til Molde.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Reiseruta til Remi André Andal

Remi har reiseruta klar på ein lapp i brystlomma.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Remi André Andal

Remi har vorte ein erfaren busspassasjer. Han likar å sete heilt fremst i bussen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Sjølv om lærarane gjorde det dei kunne, strekte ikkje det til for han. Remi lærte ikkje det han skulle i klasserommet, og hadde berre éin venn. Men avgjerda om at Remi skulle flytte til internatet i Molde og gå på spesialskulen, sat langt inne. Det var ikkje berre å sende guten sin så langt vekk første gong, minnest Veronika Andal.

– I byrjinga sleit eg med å sende han frå meg. Det var ein tøff overgang.

Men etter over eit år på spesialskulen, er mora ikkje lenger i tvil om at ho har gjort det rette.

– No veit eg med meg sjølv at å sende han på spesialskule er det beste eg har gjort for han. Vi var spente på korleis det kom til å gå, men han fann seg fort til rette og har ikkje hatt heimlengsel éin dag.

Les også:

Remi tek fram busskortet sitt og går inn i bussen og set seg på den faste plassen sin. Han har full kontroll på reiseruta, men i tilfelle han skal gløyme noko har han ein huskelapp i brystlomma på termodressen sin.

– Det var litt skummelt å flytte heimanfrå med ein gong, men så gjekk det bra.

Mamma Veronika byrjar på bilturen tilbake til Sykkylven. Aggresjonen som er ein del av ADHD-diagnosen til Remi, har gjort at ho har vore redd sin eigen son.

– Klikkar han skikkeleg, så slit eg. Når han vert skikkeleg sint, så svartnar det for han og han veit ikkje kva han gjer. Eg har ofte følt meg redd han.

Han hadde ingen vennar heime. Eg veit med meg sjølv at å sende han på spesialskule er det beste eg har gjort for han.

Veronika Andal, mor til Remi

Mange slike episodar har også gjort sitt til at ho søkte om plass til Remi på Tøndergård. Etter at han flytta på internat og byrja på spesialskule, har det vorte eit heilt anna liv for den vesle familien på to.

– Det er uvant å vere åleine, men no får eg fokusere på mitt eige liv i vekene og på den måten ha overskot til å ha fullt fokus på han når han kjem att i helgane.

53.000 får spesialundervising

Medan Remi er i gang med sin siste etappe av skulevegen, er også 53.000 andre born på veg til sine klasserom for å få spesialundervising, både i den vanlege skulen og på spesialskular.

Les:

Sjølv om dei statlege spesialskulane vart avvikla i 1992, har talet på elevar som får spesialundervising meir enn dobla seg på 20 år. Det viser tal frå Grunnskolens informasjonsteneste (GSI) i perioden 1993–2013. Det betyr at ni prosent av elevane i grunnskulen får spesialundervising per i dag.

Spesialundervisning fordelt på klassetrinn

Alderstrinn

Gutter

Jenter

Totalt

1.klasse

1860

776

2636

2.klasse

2029

835

2864

3.klasse

2528

1078

3606

4.klasse

3090

1333

4423

5.klasse

3636

1645

5281

6.klasse

4101

1931

6032

7.klasse

4413

2210

6623

8.klasse

4606

2379

6985

9.klasse

4500

2300

6800

10.klasse

4956

2517

7473

Ekspander/minimer faktaboks

Målet med nedbygginga av spesialskulane i Noreg var at alle elevar skulle få tilpassa opplæring og verte inkluderte i klasserommet på sin eigen nærskule.

Birgitte Jordahl (H)

Statssekretær Birgitte Jordahl (H) har tidlegare jobba som pedagog og brenn for å styrkje den ordinære skulen.

Foto: Kunnskapsdepartementet

– Spesialskulane bidrog til eit segregert og mindre tolerant samfunn, seier statssekretær Birgitte Jordahl (H) i Kunnskapsdepartementet, når ho skal forklare kvifor det vart gjort.

Ho fortel at politikarane den gong som no ønskte at alle i større grad skulle inkluderast i det vanlege livet som vi lever.

– Målet var at alle skal få lov til å vere den dei er, i fellesskap med andre. Vi lever i eit samfunn der vi skal ha respekt for skilnadar. Mangfald får vi når vi opnar klasseromma også for dei med andre utfordringar enn fleirtalet.

Men då dei statlege spesialskulane forsvann, vaks det altså fram mange andre versjonar av liknande tilbod, som kommunale og interkommunale spesialskular og spesialklassar. Ifølgje fagbladet «Utdanning» er det over 5000 elevar som vert segregerte ut i over 400 såkalla forsterka avdelingar på norske skular. Rundt 80 av dei forsterka avdelingane er reine spesialskular.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «De nye spesialskolene» i nytt vindu

– Hjelpa ikkje sett inn tidleg nok

«Premie», skriv Remi, og røysta gjentek. Han har skrivetrening med lærar Wenche Hoksnes.

Men så kjem eit vanskelegare ord. På skjermen er det bilete av ei pære.

Wenche Hoksnes og Remi André Andal

Lærar Wenche Hoksnes hjelper Remi med rettskrivinga.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Remi André Andal skriv på data

Tøndergård skole og ressurssenter bruker spesielle dataprogram som skal gjere det enklare for elevane å lese og skrive.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Om du seier det sakte, høyrer du kva lydar som er i ordet, forklarer Wenche.

– «Pææææ» ...? Kva høyrer du etter «p-lyden»?

«Æ», kjem Remi på, og finn den rette tasten på tastaturet sitt. Til slutt formar han setninga «Pære er godt».

Les også:

På Tøndergård skole og ressurssenter satsar dei på små klassar, høg tettleik av vaksne og å leggje til rette undervisinga. Dagen er delt opp slik at dei har teori først på dag og meir praktiske fag etter lunsj. Norskfaget er høgt prioritert. Målet er at dei fleste skal verte brukbare lesarar når dei går ut av skulen.

– Utrygge i store klassar

Jan Helge Fjørtoft

Lærar ved Tøndergård skole og ressurssenter i Molde, Jan Helge Fjørtoft, er uroa over utviklinga i grunnskulen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Vi ser stadig eksempel på 10-klassingar som ikkje kan å lese når dei kjem hit.

Jan Helge Fjørtoft, lærar ved Tøndergård skole og ressurssenter

Lærar Jan Helge Fjørtoft meiner at altfor mange fell av undervisinga i den ordinære skulen.

– Hjelpa er ofte ikkje sett inn tidleg nok. Åra går og lærarane trur at alle elevane heng med i undervisinga. Vi ser stadig eksempel på 10-klassingar som ikkje kan å lese når dei kjem hit.

Han trur at vi alle hadde gitt opp dersom vi hadde sete dag ut og dag inn på skulebenken utan å ha noko læringsutbytte.

– Det å føle seg trygg i klasserommet trur eg er svært viktig for læringa. Mange av elevane som kjem hit har følt seg utrygge i klassar med 30–40 elevar, seier Fjørtoft.

Statssekretær Birgitte Jordahl, på den andre sida, trur at dagens ordinære skular i stor grad klarer å leggje til rette for dei fleste borna i klasserommet. Likevel poengterer ho at i dei tilfella der elevane og foreldra føler at skulekvardagen ikkje fungerer, er det greitt å ha moglegheit til å søkje om eit spesialskuletilbod.

Svaret trur Jordahl derimot ikkje er å opprette mange nye spesialskular berre fordi at ein i mange tilfelle ikkje har kome langt nok i å løyse desse oppgåvene i den ordinære skulen.

– Det er ei vanskeleg oppgåve å sørgje for at alle har det bra i den norske skulen. Likevel ser vi skular som får dette til veldig godt. – Eg synest det er utruleg viktig at vi ikkje sender ut signal om at det å vere annleis betyr at ein ikkje skal kunne delta i det fellesskapet som vi alle er ein del av, seier Jordahl.

Les også:

Kommunane sitt ansvar

Lunsjtida er over på Tøndergård skole og ressurssenter i Molde. No skal skulebåten få ei overhaling og Remi og klassekameratane står klare med kost og spader for å måke han fram.

Remi veit sjølv at han kan krevje ekstra av dei rundt seg og meiner at lærarane på Tøndergård er flinkare med elevar som har ADHD enn kva lærarane heime i Sykkylven var.

Spesialskulane bidrog til eit segregert og mindre tolerant samfunn. Mangfald får vi når vi opnar klasseromma også for dei med andre utfordringar enn fleirtalet.

Birgitte Jordahl (H), statssekretær i Kunnskapsdepartementet

– Dei kan meir om alle slags sjukdommar. Her er elevar som sit i rullestol også og somme klarer ikkje å prate skikkeleg. Lærarane her er flinke til å hjelpe.

Han trivast godt på spesialskulen og håper at dei kan hjelpe han med å kome seg ut i jobb når han vert eldre. Aller best likar han sjø- og båtliv, men han ser føre seg å kanskje jobbe i eit transportselskap når han vert stor.

– Her kan dei passe på at eg får meg jobb. Det kunne dei ikkje i Sykkylven, for der hadde dei så lita tid til meg.

For å sørgje for at den ordinære skulen skal vere betre rusta til å ta seg av og inkludere elevar med spesielle behov, har Kunnskapsdepartementet sett i gang med ein ny og større strategi for etterutdanning for tilsette i PP-tenesta. Desse skal igjen hjelpe skulane med å leggje til rette tilbod for alle elevar.

Men til sjuande og sist er det opp til kvar enkelt kommune, og deira budsjett, kor godt dei legg til rette for inkludering ute i skulane sine.

– Dette er lovpålagde oppgåver og alle kommunar må vere bevisste på korleis dei møter elevar med spesielle behov. Eg trur at med eit godt samarbeid mellom skulen og foreldra, samt våre kompetansemiljø, både kommunalt og statleg, så vil vi kunne nå veldig langt.

Ein av dei som har hatt ei tøff tid i den ordinære skulen, er André Pilskog Tomren (16). Likevel kunne han aldri tenke seg å gå på spesialskule saman med andre som har ADHD.

– Vennelause i den ordinære skulen

Ute dekkjer snøen det elles så grøne skuleområdet, og etter iherdig måking er det godt for Remi å kome seg inn i varmen på internatet, hans andre heim.

– Kva skal vi ha til middag i dag? er det første han spør om idet han går inn døra og tek av seg skorne.

I gangen vert han møtt av miljøterapeut Anne Stenersrød, som har jobba på Tøndergård i over 20 år. Ho fortel at det er lasagne som står på menyen og det fell absolutt i smak hos Remi.

Miljøterapeut Anne Stenersrød og Remi André Andal

Remi har mykje å fortelje miljøterapeut Anne Stenersrød etter ei helg heime i Sykkylven.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Remi er gromguten vår, fortel Anne og set seg i sofaen ved sidan av Remi inne i den heimekoselege stova.

Der bruker dei to ofte å sitje og spele kort eller sjå på fjernsyn.

– Det er betre for meg å gå på skule her i Molde. Her har eg mange fleire vennar, seier Remi.

Rektor Eli Bakke

Rektor ved Tøndergård skole og ressurssenter, Eli Bakke, tek imot elevar med mange ulike diagnosar og utfordringar.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

I Remi sin klasse er dei 8 elevar og på spesialskulen vert klassane sett saman etter evne og nivå.

Lærar Jan Helge Fjørtoft fortel at det er mange saman med Remi som kjem til Tøndergård og opplever det å få vennar for første gong.

– Dei går i den ordinære skulen og er vennelause. Det er veldig uheldig for unge som skal utvikle seg at dei ikkje har nokon dei kan seie «dette er min kompis» om.

Rektor Eli Bakke fortel at ho stadig vekk opplever å få telefonar frå foreldre som fortel at guten eller jenta deira er einsame i den ordinære skulen.

Ho meiner at politikarane sine intensjonar om tilpassa undervising i klasserommet på nærskulen er god, men at det ofte ikkje er slik at alle elevar er inkluderte og føle seg som ein del av eit sosialt fellesskap.

– Nokre elevar fell utanfor det sosiale fellesskapet og er ikkje med på det dei andre i klassen er med på. Her opplever mange å få eit heilt anna liv. Dei opplever å få ekte vennar, ikkje berre slike som er snille med dei av og til.

Rosar spesialskulane

Heime i sofaen på Ikornes i Sykkylven sit mamma Veronika Andal att åleine. Huset er tomt utan Remi, men det er godt å kjenne på roa.

Veronika Andal

Veronika Andal legg ikkje skjul på at det har vore tøft å vere åleinemor til ein gut med ADHD.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Det er viktig for meg som mamma at han klarer å kome seg opp og fram her i livet.

Veronika Andal, mor til Remi

Ho har vore åleine om omsorga for han og legg ikkje skjul på at det har vore tøffe tak.

– Det har ikkje alltid vore enkelt å vere åleine med han. Eg har vore langt nede og føler mange gongar at eg har vorte heilt sprø.

Veronika Andal skjønar politikarane sine visjonar om at alle elevar skal inkluderast i klasserommet, men for dei fungerte det ikkje.

– Han har ikkje følgd undervisinga her heime frå dag éin og datt fort av lasset.

Pedagog og rådgjevar Arne Tveit meiner det absolutt var rett av politikarane å legge ned dei statlege spesialskulane.

Han peikar på at tiltak som Tøndergård skole og ressurssenter til ein viss grad er med på at overgangen til det verkelege liv vert tøff.

Veronika Andal meiner derimot det var heilt feil å legge ned spesialskulane og håper at politikarane vil snu og heller satse meir på slike typar tilbod.

– Det er viktig for meg som mamma at Remi klarer å kome seg opp og fram her i livet. Ein vanleg skule klarer ikkje å gje guten min eit like bra tilbod som det Tøndergård gjer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL