Hopp til innhold

Må kutte leirskule for å spare pengar

Neste veke skal bystyret i Ålesund vedta budsjett for 2015. I budsjettforslaget får skulane omtrent dei same rammene som i år, men elevane får ikkje lenger tilbod om leirskule.

Bilde tatt av elever ved Solhøgda leirskole på Sunndalsøra

Kristiansund og Molde vil mest sannsynleg tilby leirskule framover, men Ålesund kuttar.

Foto: Solhøgda Leirskole

Leirskule er ei teneste som ikkje er lovpålagt. Likevel vil både Kristiansund og Molde mest sannsynleg tilby leirskule, også neste år.

Greta Herje

Rektor Greta Herje på Spjelkavik barneskule meiner leirskulekutt er lite pengar spart, men får store konsekvensar.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Spjelkavik barneskule er ein av det største barneskulane i fylket. Elevane her får ikkje lenger reise på leirskule, som mange ser på som eit høgdepunkt.

– Viktig tilbod

Rektoren på skulen, Grete Herje, meiner det er tøysete å kutte leirskuletilbodet.

– Det er snakk om så lite pengar, så økonomisk har dette lite å seie. Eg meiner at det er eit viktig tilbod til elevane, seier Herje.

Ho er klar på at leirskulen betyr veldig mykje for elevane i løpet av dei ti åra dei går på skule.

Bilde av elever ved Solhøgda leirskole på Sunndalsøra

Rektor ved Spjelkavik barneskule meiner at leirskulen er viktig for elevane. Her frå Solhøgda Leirskole på Sunndalsøra.

Foto: Solhøgda Leirskole

Konsekvensane

Arne-Johan Gagnat ved Solhøgda Leirskole på Sunndalsøra seier at dette betyr veldig mykje for den enkelte elev.

– Det er rørande å sjå kor takknemlege elevane er etter eit opphald på leirskulen. Det er ei veke dei huskar resten av livet, seier Gagnat.

Han trur det hadde blitt trist for elevane om dei ikkje fekk dette tilbodet. Sjølv ønskjer han øyremerkte pengar frå Staten slik at dette tilbodet kan halde fram.

Ingen blir skjerma for kutt

Knut Anders Oskarsson

Anders Oskarsson seier at det er nødvendig å gjere tøffe kutt for å kome vidare med budsjettet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Knut Anders Oskarson, som er leiar for komiteen for Kultur og Oppvekst i Ålesund, seier at kommuneøkonomien er svært anstrengt.

– Det er nødvendig å gjere tøffe kutt for å kome vidare. Her er det ingen sektor som blir skjerma, og leirskulen er minst vond å ta vekk, seier Oskarson, og legg til at dei 1,4 millionane, som leirskulen kostar, er mykje.

Forslaget til budsjett vil ligge ute på høyring fram til budsjettet skal behandlast endeleg i bystyret 4. desember.

Oskarson meiner at det er betre å kutte leirskulen enn å måtte hogge inn i den ordinære klasseromsundervisninga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL