Kjetil Rekdal etter kampen mot Rosenborg - Foto: MAX /
Foto: MAX

Må forklare seg etter dette

Aafk og Rosenborg må forklare seg for fotballforbundet etter bråket i bakkant av kampen sist helg.

Fotballforbundet vil granske fleire episodar både under og etter kampen mellom Aafk og Rosenborg sist fredag.

- Du såg jo det at temperaturen på laget mitt var nesten på klikkepunktet, eller kanskje til og med over, sa Aafk-trenar Kjetil Rekdal rett etter kampen.

Les også:

Kan ha bidratt

Men Aafk-trenaren sjølv var heller ikkje upåvirka av uavgjort-resultatet. Rett etter kampen kunne tv-sjåarar over heile landet følgje med på Rekdal, som ikkje viste fingeren, men smelte handa oppgitt i lufta.

- Kjetil er ein person som elskar å vinne fotballkampar og som er ivrig og leiar laget sitt på eit utmerka måte, men så er det av og til det fell nokre feil ord. Dette må sjåast i samanheng med det konkurranseinstiktet mange idrettsutøvarar har, seier klubbdirektør Henrik Hoff.

Sjå tv-saka frå 18.40-sendinga måndag 30.april:

Video Aafk må forklare seg - Foto: Nyhetsspiller /

Aafk må forklare seg for fotballforbundet.

Vil granske bråket

No vil fortballforbundet ha ei skriftleg forklaring mellom anna på framferda til trenarane.

Svein Graff - Informasjonssjef Svein Graff i Norges Fotballforbund seier dei no vil granske bråket etter kampen mellom Aafk og Rosenborg.

Informasjonssjef Svein Graff i Norges Fotballforbund seier dei no vil granske bråket etter kampen mellom Aafk og Rosenborg.

- Trenarar og spelarar er jo i ein konkurransesituasjon der og då, men så er det samstundes nokre klare grenser som må følgjast. Spørsmålet er om ein kryssar dei grensene, seier informasjonssjef Svein Graff i Norges Fotballforbund.

Aafk-kaptein Daniel Arnefjord - Aafk-kaptein Daniel Arnefjord fryktar ikkje reaksjonen frå fotballforbundet. - Foto: Arild Pettersen /

Aafk-kaptein Daniel Arnefjord fryktar ikkje reaksjonen frå fotballforbundet.

Foto: Arild Pettersen
Fryktar ingenting

Aafk-kaptein Daniel Arnefjord fekk ikkje med seg bråket i spelartunnellen etter kampen, men fryktar ikkje at påtalenemnda i forbundet går vidare med saka når klubbane har forklart seg.

- Det var ingen hatsk stemning, men det var bra trykk på tribuane, så det er klart det er mange kjensler i ein slik kamp, seier Arnefjord.

Siste video/lyd

Det er ei stor utfordring for Rauma kommune å hjelpe dei elleve som er evakuerte i samband med Mannen-dramaet. Kommunen må finne nye og betre bustader - dersom det går lang tid før fjellpartiet rasar ut.
Politiet på Søre Sunnmøre prioriterer førebygging sterkare enn nokon gong, og har nyleg øyremerkt ei stilling til dette arbeidet. Sjølv om det blir satsa mykje på barn og ungdom, står også samarbeidet med næringslivet høgt på lista.
Sjølv om det står november på kalenderen vår i morgon, der det vel dei færraste av oss som har begynt på julebaksten - men for nokre har julestria pågått ei god stund allereie.