Hopp til innhold

Lukkelege som små – og vil halde fram slik

Høgskulane i Volda og Molde meiner dei har det som skal til for å halde fram som i dag. Ingen av dei har lyst til å bli innlemma i regjeringa sine planar om at det i framtida berre skal vere fem universitet- og høgskulemiljø her i landet.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har ingen planar om å få fortgang i arbeid det med å fusjonere med andre.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la i dag fram stortingsmeldinga om korleis den høgare utdanninga skal organiserast. Fjorten høgskuleinstitusjonar skal bli til fem, og statsråden krev større fagmiljø for å heve kvaliteten på utdanninga i Noreg.

Han vil derimot ikkje slå saman skular med tvang.

Ser positivt på framtida

Høgskulen i Molde

Høgskulen i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Prorektor ved Høgskulen i Molde, Kjetil Haugen, vel å tolke dette som positivt for sin skule.

– Vi har spesialisert oss på logistikk-utdanning, og statsråden sa i dag at små vitskaplege høgskular med gode doktorgradsprogram kan halde fram aleine. Dette må bety at vi kan halde fram som i dag, seier Kjetil Haugen.

Høgskulen har tidlegare diskutert eit nærare samarbeid med høgskulane i Volda, Lillehammer og Sogn og Fjordane. Haugen seier dei vil halde fram med sonderinga, men han ser ikkje for seg ei samanslåing med det første.

– Det å fusjonere inneber jo at ein må gi avkall på ein del avgjerdskraft med omsyn til framtidige strategiske val, og det blir langt meir komplisert enn å samarbeide med andre skular. Difor ser eg ikkje det som ei løysing i umiddelbar framtid.

Plass til både liten og stor

Per Halse

– Vi fryktar store fusjonar, der vi blir lagt under eit stort universitet, seier rektor i Volda, Per Halse.

Foto: Høgskulen i Volda

Høgskolen i Ålesund har allereie varsla at dei vil innlemmast under NTNU i Trondheim, og regjeringa velsignar dette ekteskapet i si stortingsmelding. NTNU blir dermed Noregs største universitetsmiljø, ettersom samanslåinga også omfattar høgskulen i Sør-Trøndelag, og høgskulen på Gjøvik.

Frå januar neste år får dermed Ålesund status som universitetsby.

Høgskulen i Volda derimot, har som moldensarane, ingen planar om å få fortgang i arbeidet med å fusjonere med andre.

– Der er sjølvsagt ting vi treng å bli betre på. Å skaffe eksterne inntekter og internasjonale forskingsmiddel klarer vi ikkje aleine, seier rektor Per Halse.

Han vil samarbeide med andre høgskular om dette, og synest ikkje samanslåing er nødvendig.

– Kvifor er det så gale å slå seg saman med andre da?

– Det er ikkje noko gale i seg sjølv, men vi fryktar store fusjonar, der vi blir lagt under eit stort universitet. Då er vi redde for sentraliserande effektar, som går ut over studieplassane i distrikta. For oss er regional styring det viktigaste, seier Halse.