Hopp til innhold

Løys oppgåva i adventskalendaren

Sidan 2002 har Oddgeir Bruaset laga dei populære programma frå krikar og krokar over heile landet. I år har serien fått sin eigen adventskalender.

Kvar dag i heile desember presenterer vi ei oppgåve frå serien. Du hugsar kanskje detaljar frå programma som til og med kan vere 10 år gamle?

Om du ikkje er heilt sikker på svaret, kan du søkje opp alle episodane i NRK.no sin Nett-TV.

Trykk på ei av lukene og bli med!

Vi trekkjer ein vinnar kvar einaste dag. Vinnaren får ein premie som har tilknytning til ein av gardane i serien.

Og 24. desember trekkjer vi ut ein hovudvinnar som får ein ekstra god premie.

Ha ei god adventstid, og lukke til!

Helsing Oddgeir Bruaset, produksjonsteamet, NRK Riks og NRK Møre og Romsdal.

Der ingen skulle tru

Dette biletet er henta frå garden som er tema for den første luka i adventskalenderen.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Dette er vinnarane:

Luke 1: Mette Kjelstadli, Molde. Svar: Suvenirproduksjon.

Luke 2: Oddgeir Reinfjell, Leirfjord. Svar: Tenner

Luke 3: Odd Erik Rønning, Vadsø. Svar: Husmansstove

Luke 4: Knut Stokke, Stranda. Svar: Han skaut med rifle

Luke 5: Gunnvor Næss, Orre. Svar: Flyplass.

Luke 6. Unn Linge Valdal, Valldal. Svar: Litløy fyr.

Luke 7: Liv Lidal, Bergen. Svar: Fisk, oppdrett av røye

Luke 8: Solveig Tørudstad, Breim. Svar: Synnøve Finden.

Luke 9: Torfinn Skeimo, Vegårshei. Svar: Ho var verobservatør i meir enn 50 år.

Luke10: Hanne Christin Finne, Vik i Sogn. Svar: Oslo

Luke 11: Jarle Bjerkevoll frå Tomrefjord. Svar: Julekvelden var tristaste dagen.

Luke 12: Lars Sørheim, Sogndal. Svar: Ho skulle pleie tanta si.

Luke 13: Linda Hanssen, Rælingen. Svar: Dressere jakthundar

Luke 14: Svanhild Helset, Folkestad. Svar: Starta bakeri og sel varene i butikken

Luke 15: Lars Sandmann, Narvik. Svar: Kastar seg ned og rullar

Luke 16: Berit Oppedal, Elnesvågen. Svar: Bygge ein keramikkverkstad

Luke 17: Marit Lisbet Villa Vold, Måndalen. Svar: Dei mangla ei dame i livet.

Luke 18: Tom Halonen, Tana. Svar: Ti Xiang Zhao og ho er kinesisk

Luke 19: Kristian S. Holsæter, Øvre Årdal. Svar: Husdoktor

Luke 20: Odd Perry Pedersen, Volda. Svar: Mårenbiennalen

Luke 21: Svein Bjørnestad, Horten. Svar: Jo Gjende

Luke 22: Odd Henrik Johnsen, Elverum. Svar: Gravene

Luke 23: Kjell Terje Haugland, Askvoll. Svar: Statue av Kong Olav

Luke 24: Bjørn Vollstad, Førde. Svar: Skulle ha vakt ved fiskemærde i fjorden