Hopp til innhold

Lokalt el-tilsyn åtvarar mot useriøs aktør

Nordmøre Energiverk (NEAS) vurderer å melde eit elektrikarfirma på Nordmøre til politiet. Bakgrunnen er at det lokale El-tilsynet meiner at firmaet manglar autorisasjon.

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsfoto: Nordmøre Energiverk vurderer å melde eit elektrikarfirma på Nordmøre til politiet, og åtvarar folk mot å bruke firmaet. Tilsynet kan dokumentere feil ved om lag 150 jobbar som verksemda har utført siste fire åra.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Tilsynet kan dokumentere feil ved om lag 150 jobbar som verksemda har utført siste fire åra. Leiar for det lokale El-tilsynet i NEAS, Rolf Magne Hansen, ser svært alvorleg på saka.

– Det denne verksemda held på med er ulovleg, i tillegg utfører dei dårleg handverk, noko som kan føre til økonomiske konsekvensar for kundane etter kvart. Dei kan risikere at jobben må gjerast på nytt av ein registrert installatør og må då i realiteten betale for jobben to gongar, seier han.

Kan vere svært farleg

Hansen karakteriserer arbeidet til firmaet som «dårleg arbeid».

– Det er heller ikkje i tråd med gjeldande lover og forskrifter, seier han.

– Kor farleg er dette?

– Det er svært farleg. Det kan i verste fall føre til berøringsspenning, og at ein får støyt, eller brann, seier Hansen.

Vurderer å melde verksemda til politiet

Til no i år har NEAS vore på tilsyn hos folk i Smøla, Tustna, Aure og Kristiansund. Målet med tilsyn er mellom anna å verne folk mot ulukker, brann og skader ved bruk av straum.

Difor er det viktig å stanse dei som driv useriøst, meiner Hansen.

– Dersom firmaet ikkje kan dokumentere kvalifikasjonane sine, må ein gå ut ifrå at dei driv ulovleg, seier han.

Hansen fortel vidare at dei vurderar å melde selskapet til politiet.

– Bakgrunnen for det er at verksemda ikkje reagerer på den korrespondanse som vi har hatt så langt, og vi kan heller ikkje sjå at verksemda kan produsere dei dokumenta vi har etterlyst, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL