Hopp til innhold

Lite avvik i pelsdyrgardar på Sunnmøre

Mattilsynet har lite å merke etter umelde inspeksjonar av pelsdyrfarmar på Sunnmøre. 30.000 mink og rev er sjekka, og 12 av desse hadde mindre skadar.

Mink i mink-kasse

Mink er det pelsdyret det finst mest av i pelsdyrgardane i Møre og Romsdal. Her ligg minkane i kassa som er festa i forkant av nettingburet deira.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Mattilsynet ligg tett på pelsdyrnæringa for å sjekke at dyrevelferda er god nok. Næringa slit med ryktet og legitimiteten etter fleire tilfelle av grov vanskjøtsel i enkelte pelsfarmar.

– Med tanke på kor mange dyr som finst totalt i pelsdyrhaldet på våre kantar, er 12 avvik eit svært lågt tal, også i forhold til anna dyrehald, seier seniorinspektør i Mattilsynet på Sunnmøre, Beate Lillebostad.

Ho understrekar at pelsdyrhald ikkje alltid kan samanliknast med anna dyrehald, men at resultatet av kontrollane som er utførte, viser at oppdrettarane på Sunnmøre driv bra.

Stefanie Wachsman-Friedrich og Beate Lillebostad

Stefanie Wachsman-Friedrich og Beate Lillebostad jobbar i Mattilsynet og har ikkje funne mykje å setje fingeren på i pelsdyrgardane på Sunnmøre i år.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Sjekkar kvart år

Mattilsynet er den nøytrale instansen som mellom anna vurderer dyrevelferda i alt husdyrhald her i landet, også i pelsdyrnæringa. Så langt har avdelinga på Sunnmøre sjekka fem av sju farmar i sitt distrikt.

– Ja, vi følgjer med pelsdyrnæringa i tråd med retningslinene til Mattilsynet. Dei tilrår tilsyn minst kvart tredje år. Her i området driv vi umelde tilsyn ein gong i året. Etter å ha sjekka fem av dei sju farmane på Sunnmøre, er det altså lite avvik å finne på dyrevelferda, seier Lillebostad.

Jetmund Øye

Jetmund Øye driv pelsdyrfarm med både rev og mink på Øye. Han er andre generasjon som driv med pelsdyr som attåtnæring til gardsbruk.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Mattilsynet har så langt ikkje funne alvorlege skadar, sjukdom eller vanskjøtsel, og det som er påpeikt, har eigarane har teke hand om og retta opp. Dermed er sakene avslutta frå Mattilsynet si side.

I Møre og Romsdal er det 13 pelsdyrfarmar i alt. Sju av desse ligg på Sunnmøre, resten på Nordmøre. Status for dyrevelferda i gardane på Nordmøre er enno ikkje klar, men vil snart ligge føre.

Godt nøgde

Norges Pelsdyralslag er medlemsorganisasjonen for dei rundt 300 norske pelsdyroppdrettarane. Erik Stølan i Tingvoll er politisk kontaktperson for laget i Møre og Romsdal og har notert tala frå Mattilsynet.

– Dette er veldig bra. Det viser at oppdrettarane tek dyrevelferda på alvor, og det er slik vi vil ha det, seier Stølan.

Mink i bur

Minkproduksjonen i Noreg er aukande. 99 prosent av skinna går til utlandet og til bruk i moteverda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Men de har jammen mykje å forsvare etter skrekkbilda vi har sett av mishandla dyr med store skadar og sår?

– Det er beklageleg at få får øydelegge for dei mange. For slik skal det absolutt ikkje vere. Oppdrettarar som ikkje tek dyrevelferda på alvor, høyrer ikkje heime i næringa, meiner han.

Sanksjonar av sine eigne

Norsk Pelsdyralslag vedgår at dei har store utfordringar no når politikarane vurderer om næringa skal få lov til å halde fram etter skandalane rundt dyrevelferda hos enkelte oppdrettarar. Kommunikasjonssjef Guri Wormdahl seier farmarane reagerer med same avsky som alle andre når skrekkbilde frå næringa blir presentert.

Guri Wormdahl og Erik Stølan

Guri Wormdahl og Erik Stølan besøkte denne veka pelsfarmar i Ørsta. Dei er godt nøgde med at det er påvist få avvik hos 30.000 dyr på Sunnmøre.

Foto: Sissel Brunstad

– Men næringa blir ofte også framstilt skeivt, og i somme tilfelle brukar kritikarane gamle arkivbilde frå anlegg som alt er avvikla, hevdar ho.

Kommunikasjonssjefen meiner næringa har tatt av silkehanskane for å rydde opp, og viser til at alle som driv med pelsdyr, må ha sertifisering.

– Farmane blir mellom anna følgt opp med minst tre besøk av veterinær i året og vi krev dokumentert gode rutinar i drifta. Fungerer ikkje dyrevelferda og blir det ikkje rydda opp i forholdet, drar vi inn sertifiseringa. Då blir det eksklusjon, seier Wormdahl.

Den som blir ekskludert, får verken levert fór til dyra eller levere skinn på marknaden. Dermed må drifta avviklast, påpeikar Guri Wormdahl.