– Denne saka skal no handsamast av Konkurransetilsynet som rette instans. På generelt grunnlag har eg uttrykt uro for konkurransen i daglegvarehandelen, og det som skjer no endrar ikkje mi tilnærming til desse spørsmåla, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i ein kort kommentar etter at det vart kjend at Coop vil kjøpa aksjane i ICA Norge for 2,5 milliardar kroner.
- Les også:
Næringsminister Monica Mæland (H) vil ikkje kommentere Coops oppkjøp av ICA Norge no ettersom hennar departement kan bli klageinstans etter eit vedtak i Konkurransetilsynet.
– Konkurransetilsynet har ei uavhengig stilling i slike saker. Næringsdepartementet kan bli klageinstans for et eventuelt vedtak. Det er difor ikkje naturleg at vi kommenterer denne saka no, seier kommunikasjonssjef Trond Viken i departementet til NTB.
Må godkjennast av Konkurransetilsynet
Dersom Konkurransetilsynet godkjenner kjøpet, vil dagens fire store kjeder i daglegvarebransjen her i landet bli til tre.
– Dette er ein fusjon som vi no vil behandle. Den er ikkje godkjent på førehand, seier Christine B. Meyer i Konkurransetilsynet til NRK.
Ho kan ikkje seie noko om kva ho trur utfallet vil bli før tilsynet har vurdert saka. Dei skal sjå på konsekvensane av fusjonen, som gjer at det vil bli tre store aktørar i norsk daglegvarebransje.
(NPK-NTB-NRK)