Hopp til innhold

Lettare å byggje ferjefritt

Regjeringa vil gjere det lettare å finansiere ferjefrie samband. Dette vil bety svært mykje for Møre og Romsdal, seier Jenny Klinge (Sp).

Jenny Klinge
Foto: Trond Vestre / NRK

Bru- og tunnelprosjekt som skal erstatte ferjesamband, er avhengige av såkalla ferjeavløysingsmidlar. Etter dagens ordning får prosjektet overført dei pengane ein elles ville brukt til ferjedrift i 15 år etter at sambandet er bygt.

I Nasjonal transportplan som blir lagt fram 13.mars, vil regjeringa doble denne perioden til 30 år. Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp, transport- og kommunikasjonskomiteen) seier at dette er ei viktig handsrekning til ferjedistrikta, ikkje minst til Møre og Romsdal med sine mange planar om ferjefrie samband. Nokre er

  • Nordøyvegen i Haram
  • Møreaksen over Romsdalsfjorden
  • Trollheimstunnelen mellom Sunndal og Surnadal
  • Ferjefri kryssing av Halsafjorden
  • Sambandet over Storfjorden

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL